Her på Backertunet, samt i Stord sjukeheim, må vatnet no kokast.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ved rutinemessig prøvetaking av drikkevasskvaliteten ved Stord sjukeheim, Backertunet og NAV, synte prøvane for høge målingar av mikroorganismar, varslar kommunen.

Som eit resultat av funna vart det innført kokevarsel for drikkevatnet i bygget frå og med måndag denne veka.

– Målingane viser at vatnet har høge kimtal. Kimtal er eit mål for mikroorganismar i vassprøva. Målinga seier ikkje noko om at det er farlege bakteriar i vatnet. Det er ikkje avdekka at nokon er blitt sjuke av vatnet, opplyser Stord kommune på nettsidene sine.

Årsaka til dei høge målingane skuldast i følgje Stord kommune mest truleg rutinemessig reingjering av vassleidningsnettet inne i bygningsmassen.

– Stoffet som er tilført for å reinska røyra kan vere årsaka til dei høge målingane. Reinsinga er mellombels stoppa.

Stord kommune understreker, sett i lys av vass-skandalen på Askøy, at dei har ingen prøvar som syner høge måltal elles på det kommunale vassleidningsnettet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det vert gjennomført utvida prøvetaking på det kommunale leidningsnettet og på sjukeheimen, indikasjonar på prøveresultata vil liggja føre tysdag 25. juni.

– Kommunen følgjer saka tett. Sjukeheimen syter for at besøkande og tilsette får naudsynt informasjon, opplyser Stord kommune.

Pårørande kan kontakta sjukeheimen for nærare informasjon.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -