Funnet vart gjort dammen i Lønningsåsen som går under kallenamnet "vassverket". Illustrasjonsfoto: Stord kommune
- Annonse -

Publikum varsla politiet om funnet av personen laurdag ettermiddag.

– Me fekk ei melding klokka 13.10 om at det var gjort funn av ein person i eit vatn. Vedkomande vart erklært død kort tid etterpå, opplyser operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt.

Funnet blei gjort i det såkalla «vassverket» i Lønningsåsen utanfor Leirvik sentrum.

Politiet har ingen mistanke om at er noko straffbart som ligg bak dødsfallet.

– Rutinemessig opprettar me ei undersøkelsessak på forholdet, og avdøde vil rutinemessig bli sendt til obduksjon. Per no har me ikkje mistanke om at det ligg noko straffbart bak.

Det var Sunnhordland som først melde om saka.

- Annonse -

Politiet ønskjer ikkje spekulera i kor lenge vedkomande har vore i vatnet, men Skårland seier at det er ein person som er identifiserbar. Hanønskjer ikkje gå ut med noko informasjon om den avdøde, som kjønn og alder, av omsyn til dei pårørande.

– Me har ikkje vore i kontakt med dei pårørande eller gjort oss ferdig med identifiseringa.

– Har politiet motteke noko saknamelding i forkant som denne personen kan svara til?

– Nei, me har ingen sakna person å knytta dette opp mot.

– Kva gjer politiet no?

– Me er ferdige på staden. Avdøde er henta opp og er frakta vidare til obduksjon. Politiet jobbar vidare med å bringe identiteten på det reine, og vil oppretta ei undersøkingssak.