Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Saka vert etterforska breidt av politiet.

Klokka 6.30 laurdag morgon blei det gjort funn av ei død kvinne i 50-åra i sjøen ved Nordvik, vest for Sagvåg sentrum.

Ho blei funnen etter at familien meldte kvinna sakna noko tidlegare. Politiet har arrestert ein mann i tilknyting til dødsfallet.

– Funn på staden, samt anna informasjon, førte til at ein mann i 50-åra noko seinare blei pågruipe, sikta for å ha etterlatt ein person i hjelpeslaus tilstand, melder Sørvest politidistrikt i ei pressmelding.

Politiet etterforskar saka breidt, og det blir føreteke både kriminaltekniske undersøkingar og vitneavhøyr på staden. Politiet vil forsøka å avhøyra den sikta mannen i løpet av dagen.

Det vil bli sendt ei ny pressemelding om saka seinare laurdag.

- Annonse -

Saka vert oppdatert.

- Annonse -
Forrige artikkelKøyrde i fjellvegen på Litlabø
Neste artikkelSkal ha blitt funnen død etter naustfest: – Det som har skjedd er veldig trist
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no