Måleriet "Svanepar ved rorbuene" av Anita Våmartveit blir å sjå i Galleri Losjen under Fitjarfestivalen.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Under Fitjarfestivalen i år vil kunstnaren Anita Våmartveit gjesta Fitjar med utstillinga «Himmel og hav – og litt anna» i Galleri Losjen. 

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Kultursjef Bente Bjelland i Fitjar har ein skikkeleg godbit å by på under Fitjarfestivalen i år. I Galleri Losjen vil kunstnaren Anita Våmartveit frå Bømlo stilla ut måleri, teiningar og trykk, og ordførar Wenche Tislevoll vil stå for den høgtidelege opninga i morgon ettermidag.

Anita Våmartveit er utdanna illustratør, med Diploma with Distinction frå Gemini School of Illustration i England. Ho har i mange år jobba for vekeblad i Norge, Sverige og Danmark, illustrert bøker, teikna portrett, landskap, fuglar og dyr, m.m. Ho var og med som teiknar saman med Lars Slettebø i Fornemmelse for mord som gjekk på TVNorge for ein del år sidan. No lagar ho mest eigne bilete, og tek enkelte oppdrag utanom.

Himmel og hav – og litt Fitjar

Når ein er oppvaksen her i vest, lærer ein å setta pris på havet og lyset, seier Anita Våmartveit. Bileta mine reflekterer difor min kjærlighet til dette. Sjøen, som alltid er i bevegelse. Fuglane som skaper liv og lyset som alltid skiftar.

Under utstillinga vil kunstnaren sitja og måla på eit bilete av Rydlandssago, som ho vonar å bli ferdig med før utstillinga er ferdig i september. Ho fortel og at ho tar imot ynskje frå publikum, om det er spesielle motiv du ønskjer bilete av, kan du bestilla hos henne.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Å få invitasjon om å stilla ut på Fitjar minte meg om at eg visste altfor lite om bygda som berre er eit steinkast unna. Difor har eg tatt meg nokre turar hit, for å sjå kva skattar som finst her. Bileta som eg valde å laga, er det som fanga mitt auga og hjarta.

– Tusen takk for at eg får lov å stilla ut her i denne flotte bygda, seier Anita Våmartveit til slutt.

Ope laurdag og søndag til og med 9. september

Utstillinga er open i festivalhelga, fredag, laurdag og søndag. Elles vil utstillinga vera open laurdag og søndag fram til og med 9. september.

Anita Våmartveit held kurs i skisseteknikk 1.–2. september og teiknekurs 8.–9- september. Nærmare opplysningar finn du på Facebook-sida hennar.

Dahlebuo, kjent og kjært motiv frå Fitjar.

- Annonse -