Brannvesenet måtte søndag rykke ut til to bustadar i Dalen på Stord som begge vart råka av lynnedslag. Eit av lynnedslaga blei fanga på film.
Eit valdsamt torevêr søndag føremiddag resulterte i 700 registrerte lynnedslag på Vestlandet.
På Stord måtte brannvesenet rykke ut til to bustadhus i Dalen på Stord, der lynet hadde slått ned i pipa.
Valdsame krefter
Eit av lynnedslaga blei fanga på tape av Hege Ripegutu (sjå klipp øvst i saka) som bur i nabohuset. Ho fekk seg ei rystande oppleving.
– Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Eg blei satt ut lenge etterpå, for det var så valdsamt. Det var ein kjempehøg lyd og eg skvatt nok ein del. Det viser kor sterke krefter som er i sving, seier Ripegutu.
Ho hadde plassert mobilen i vindauga med håp om å fange eit lyn på kamera, men hadde aldri trudd ho skulle få eit så spektakulært opptak.
– Me hadde eit lite håp om å få eit stilig klipp. Det var rett før eg skulle til å skru av opptaket, men så fekk eg fanga dette. Det blei veldig, veldig bra.
– Gnistane fauk ut på golvet
Det er Gunnhild Høgås som bur i huset som blei råka av lynnedslaget som vart fanga på tape.
– Det var eit kjempesmell. Me har fått eit nytt stålrøyr inne i pipa, og det var der lynet slo ned. Gnistane fauk ut og spratt utover golvet, som om det var sveiseperler, fortel Høgås til Stord24.
Lynnedslaget førte også til at det tok fyr i sikringsskapet.
– Det tok fyr i sikringskapet og røyken to ut. Det fekk me sløkt sjølv, medan alarmen gjekk så det hylte. Så kom brannvesenet og me fekk lufta godt ut. No er me utan straum og me skal få folk til å sjå på dette i morgon.
Hadde flaks
Høgås tek hendinga med ro, og prisar seg lukkeleg for at det ikkje gjekk verre.
– Me klarar oss heilt fint. Det er ingen skader, utanom at alt det elektiske anlegget må inspiserast.
– Men viss ikkje me hadde vore heime hadde det nok vore full fyr i huset. Og hadde eg stått to-tre steg lenger bak i stova då lynet slo ned hadde eg stått på stålplata ved omnen, og då hadde dei nok fått litt arbeid med å få meg i gang igjen.
– Kunne lett begynt å brenne
Jan Tore Brückner i Stord Brann og Redning stadfestar at huseigaren i Dalen har hatt flaks.
– Dei har definitivt hatt flaks. Det kunne lett begynt å brenne skikkeleg, og det hadde jo vore tendens til opne flammar i sikringskapet.
Han fortel at begge lynnedslaga i Dalen skjedde på tilsvarande vis.
– I begge husa slo det ned i skorsteinen og slo ut det elektriske anlegget, og det kom røyk ut frå sikringsskapa. Me har fått kontrollert varmgangen på sikringsskapa og hovudsikringa for å sjå om det var temperatur andre stadar. Dei har begge hatt ein utblåsing som var fort over.
– Det er heldigvis ikkje ofte at dette skjer, seier Brückner.