Den afghanske familien takka for hjelpa frå trussamfunnet Nytt Liv då dei fekk midlertidig opphald i fjor. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

No er familien på fem tilbake i kyrkjeasyl på Stord etter at Oslo tingrett nyleg avviste at familien har behov for beskyttelse.

Det var i vår at ein afghansk familie sat i kyrkjeasyl i kyrkjelyden Nytt Liv Sunnhordland i fleire månadar. Saka fekk nasjonal merksemd, og gleden var stor då familien fekk høve til å prøve saka på nytt og tvangsreturen til Afghanistan utsett.

No har Oslo tingrett kome fram til ei kjenning i saka der dei avviser at famien har behov for beskyttelse. Familien vil dermed bli tvangsreturnert til Afghanistan.

Retten grunngir vedtaket mellom anna ved at dei ikkje trur på at familien er reelle kristne, slik både dei og kyrkjelyden har hevda.

Frank Håvik frå Nytt Liv Sunnhordland. Foto: privat

Dagleg leiar i Nytt Liv Sunnhordland, Frank Haavik, seier han er svært skuffa over avgjersla til tingretten.

– Dette er veldig frustrerande. Me er hundre prosent sikre på at dette er ei feilvurdering så alvorleg at det går på rettstryggleiken laus. Familien er svært aktive i kyrkjelyden dei no tilhøyrar, og det er heilt uforståeleg at desse ikkje skal reknast for å være reelle kristne, seier Haavik.

- Annonse -

Pastoren deltok sjølv som vitne i rettssaka, saman med fleire andre frå det kristne miljøet familien har vanka i.

Tilbake i kyrkjeasyl

Haavik fortel at familien no er gått tilbake i kyrkjeasyl på Stord, etter å ha budd på asylmottak på Stord fram til rettskjenninga frå Oslo tingrett.

– Dei er tilbake i kyrkjeasyl. Dei turte ikkje noko anna. Eg vil tru at styresmaktene har respekt for dette.

– Korleis har familien det no?

– Dette er jo ein vanvittig situasjon for deg. Dei har det veldig tung, men trass alt så har dei det betre no enn sist. Då var det jo mykje verre sidan faren satt på Trandum og ho var aleine med barna. No er dei iallfall samla, seier Haavik.

Haavik reagerer sterkt på at retten og Utlendingsnemnda ikkje har høyrt på det kristne miljøet der familien har ferdast i.

– I alle andre sider ved denne saka støttar retten seg på sakkunnige på dei ulike områda, men i spørsmål om tru forkastar ein utsegn frå folk med lang fartstid som kristne leiarar. Dette er leiarar som òg har veldig god kjennskap til familien, noko korkje retten eller UNE har.

Vil anke

Familien sin advokat Jostein Løken opplyser at familien vil anke saka for lagmannsretten, og viser til at Oslo Byfogdembete kom fram til motsett konklusjon tidlegare i vår enn kva Oslo Tingrett gjorde. Men i prinsippet kan familien bli sendt ut før det blir noko rettssak.

– Det er lite føreseieleg når to rettsinstansar vurderer samme sak så totalt forskjellig. Saka bør difor prøvast for lagmannsretten, seier Løken.

- Annonse -