Foto: Midtsiden
- Annonse -

Skadeomfanget er førebels ukjend.

Rett etter klokka 10.30 fekk politiet melding om eit arbeidsuhell på industriområdet i Aslaksvikjo, der Leirvik AS og Oma Baatbyggeri held til.

Politi og ambulanse er køyrt til staden.

– Ein mann har falle ned frå ein stige. Han har smerter i rygg og hofte, og er køyrt til Stord sjukehus for nærmare sjekk. Politiet føretek diverse undersøkingar på staden, opplyser politiet.

Saka blir oppdatert.