Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -

Sjølv om det enno finst ledige plassar på ulike studieprogram, har det vore gode søkartal på Campus Stord.

– Me gler oss til studiestart og til å få studentane på plass. Det har vore gode søkartal til no, fortel prorektor for samhandling ved Høgskulen på Vestlandet, Liv Reidun Grimstvedt.

Til høsten var det 138.732 personar som søkte studieplass til høgare utdanning i Norge gjennom Samordna opptak. Det er 3272 færre søkarar enn i 2018.

Stabilt søkartal

Liv Reidun Grimstvedt fortel at til tross for at det har vore færre søkarar nasjonalt enn tidlegare, har ikkje dette vist seg på Stord.

– Det er så klart litt vanskeleg å samanlikne tala i og med at studieprogramma varierer fra år til år. Likevel er det totale talet på studentar som har søkt seg inn på Campus Stord er relativt likt som i fjor, fortel Grimstvedt.

Nedgong i sjukepleien var noko ein venta på grunn av skjerping i opptakskrava.

- Annonse -

– Karakterkrava var høgare i år enn tidlegare og difor tenkte ein at det kom til å være færre søkarar nasjonalt. Det virker som at dei årene det er satt opp karakterkrav er det nedgang i søkartal. Dette har likevel ikkje vore noko problem på våre søkartal, og sjukepleieutdanninga her er fullt opp, fortel Grimstvedt.

Fortsatt ledige plassar

Etter hovudopptaket kan ein fortsatt søke på ledige studieplassar. Desse finn ein på Samordna opptak.

– Dei som ynskjer å søkje på ledige plassar til studie må gå inn på Samordna opptak og oppdatere seg der. Ledige plassar til studieprogramma varierer kvar dag og vert oppdatert heile vegen, fortel Grimstvedt.

– Grunnskulelærarutdanninga i frå 1.-7. trinn er fortsatt ledig. Kva som finst varierer heile tida, men dette studiet er i alle fall enno moglegheit å søkje på, seier ho.

HVL er ein av få institusjonar i landet som tilbyr Master IKT i læring, og dette faget har vokst seg populært den siste tida.

– Noko som er nytt i år er at me har hatt veldig mange søkarar på Master i IKT i læring. Dette programmet har blitt svært populært, me har aldri hatt så mange søkarar på dette studiet tidlegare, fortel Grimstvedt.

 

- Annonse -