Det var skikkeleg festival-stemning på Saghaugen onsdag. Foto: Severin Eskeland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Onsdag var dagen då elevane på avdelinga for meistring og utvikling ved Stord vidaregåande verkeleg fekk vist seg fram, både for medelevar og familie.

Konserten som vart framført på Saghaugen er eit resultat av prosjektet “Blanda drops”, som har vore samarbeid mellom lærarar, miljøarbeidarar, tiande trinn på ungdomsskulen, og evdelinga for meistring og utviklng ved Stord vidaregåande skule.

Endre Olsen (t.v.) var musikalsk leiar for prosjektet. Her saman med konferansier Daniel Meyer Storstrand. Foto: Severin Eskeland

Musikken gjengen hadde valt ut kom frå blant andre Bruce Springsteen, Bob Marley, DumDum Boys og ein rørande sang kor ein av elevane hadde laga hyllest til storesøstera si.

Starta øving før jul

Musikalsk ansvarleg Endre Olsen er svært nøgd med resultatet.

– Me byrja prosessen rett før jul med å syngja oss opp på dei songane me vart einige om. Etterkvart som roller blei fordelt har me jobba med det på fleire plan: Bandøving, korøving, solistøving, mediajobbing og så vidare.

- Annonse -

– Det har vore eit variert og intenst arbeid av ein fantastisk gjeng påpeikar Olsen, som saman med Åsmund Natås og Kjersti Knudsen har stått i bresjen for prosjektet.

DumDum Boys sto også på programmet. Foto: Severin Eskeland

Superhappy etter showet

– Kva har vært den største utfordringa?

– Først og framst har det vore meir givande enn utfordrande. Men det er klart det er tøft gjort å stå i framst på scenen framføre ein fullsett sal og skulle by på seg sjølv. All æra til elevane for det. I tillegg er det mykje tålmodsarbeid i ein slik lang øvingsprosess, og mange brikkar som sakte skal falle på plass.

– Korleis har elevane sett fram mot dette ?

Elevane har grugleda seg, spesielt den siste veka. Og så var dei superhappy etter endt show. Nett slik som det skal vera. Det er få ting som gir meir meistringskjensle enn dette, avsluttar Olsen.

Det var god stemning blant publikum, som mellom anna besto av familie og vener av elevane. Foto: Severin Eskeland
- Annonse -