Du kan følgja Stord kommune sin klimasatsing «Avspark nullutslepp 2030» direkte frå klokka 18 på Stord24.
Noreg har sett som mål å redusere utsleppet av klimagassar med 50 til 55 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivå. Stord kommune gjekk hausten 2019 endå lengre då dei vedtok å henge seg på Vestland fylkeskommune sine klimamål.
– No har me sett oss eit hårete mål om at Stord skal bli ein nullutsleppskommune innan 2030 og då held det ikkje berre at politikarane seier det. Heile samfunnet må involverast; alle må vere med og jobbe saman for å få det til, seier fungerande ordførar Jakob Bjelland (Sp).
I samband med satsinga går kommunen sitt eige klimaseminar «Avspark nullutslepp 2030» av stabelen onsdag kveld.
Du kan følgja sendinga direkte frå klokka 18.00:
I programmet får du sjå og høyra følgjande aktørar:
- Spinae
- Dag O. Hessen (forfattar av Verden på vippepunktet. Vinnar av to Brage-prisar i 2020)
- Tore Furevik (oseanograf, professor ved universitetet i Bergen)
- Ordførar og varaordførar i Stord
- Fylkesordførar og varaordførar i Vestland
- Representantar frå lokale frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv.