Even Grov frå Stord har hatt eit spennande oppdrag i Haugesund. Foto: Helse Fonna
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Utruleg spennande å vere med å bygge sjukehus, seier Even Grov.

Grov har vore byggeleiar for opparbeiding av tomta for det nye sjukehuset som er under bygging i Haugesund.

No er han byggherreombod for betongarbeidet, og er snart i mål med arbeidet.

– I oktober skal etasjeskilla for dei sju nye etasjane vere på plass og då takkar den erfarne bygningsmannen for seg, melder Helse Fonna.

– Travelt og utfordrande

51-åringen frå Stord er nøgd med arbeidet han no har lagt bak seg.

– Det har vore spennande, travelt og utfordrande å vere med å bygge nytt sjukehusbygg i Haugesund.

- Annonse -

Grov har vore innleigd i Helse Fonna sidan hausten 2017 frå eit privat firma for å sikre at byggegropa til det nye sjukehuset er utarbeidd etter plan.

Arbeidet med nytt sjukehus i Haugesund er godt i gang. Foto: Helse Fonna

5800 lastebil-lass

Helse Fonna opplyser at det er frakta ut heile 52 000 kubikkmeter masse i frå byggegropa siden arbeidet starta. Det tilsvarar 5800 lass på lastebil eller like mykje som om du skulle grave ut for 100 einebustadar.

– I alt har 35-40 arbeidarar vore engasjert med å klargjere byggegropa. Funn av gamalt sprengstoff gjorde arbeidet litt vel spennande ein kort periode i fjor haust, seier Grov.

Det viste seg at nokon hadde gløymd å rydde etter ein tidlegare sjukehusutbygging. Ei rekke tryggingstiltak blei starta og alt løyste seg til det beste, opplyser Helse Fonna.

Det er Veidekke som har skaffa seg kontrakt på bygginga av det nye sjukehuset i Haugesund. Kontrakten er på heile 1 milliard kroner.

Det nye sjukehuset på 18.000 kvadratmeter skal stå ferdig i 2021.

- Annonse -