Per Jarle Valvatne er leiar i Stord Ap. Foto: Vestland fylkeskommune
- Annonse -

Lesarbrev: Det er skuffande å sjå at Arbeidarpartiet fjernar seg frå det som er dei grunnleggande verdiane arbeidarørsla; fridom, likskap og brorskap

Av: Syret i Stord Arbeidarparti

Stord Arbeidarparti reagerer sterkt på at partiet sentralt ikkje stiller seg bak den europeiske dugnaden om å evakuere barn og unge frå leirane i Hellas, og særskilt den mykje omtala Morialeiren.

No hastar det. I denne saka må Norge vera eit føregangsland. Me bør vera raskt ute å flagga at me tek vår del av ansvaret, slik kan det også vera lettare for andre land å stille seg bak.

Moria vart bygd med kapasitet for 2000 menneske, men no lever det 20 000 der. Mange av desse er særskilt sårbare barn, unge og einslege mindreårige. No når koronaviruset er påvist på øya Lesbos hastar det med å finna ei løysing på situasjonen.

Det seier seg sjølv at smitteavgrensande tiltak som er utfordrande i vår situasjon vil vera tilnærma umogleg å gjennomføra under slike forhold. Nettopp difor er det viktig å gripa inn før pandemien slår ut for fullt. Du kan ikkje vaska hendene dine når du ikkje har tilgang på reint vatn og såpe, du kan ikkje halda deg heime når du ikkje har ein trygg heim, og du kan ikkje isolera deg når du bur i ei flyktningleir.

- Annonse -

Barna i Moria er fanga i leiren – under kritiske forhold utan naudsynt omsorg, med manglande sikkerheit og elendige sanitære forhold. Dei har ingen stader å gå, og får heller ikkje noko ekstra hjelp. Hellas kan ikkje stå aleine med ansvaret for flyktningestraumen til Europa, og me hadde forventa at solidaritetspartiet Arbeiderpartiet var eit av partia som gjekk føre og krov handling frå den norske regjeringa.

Det er skuffande å sjå at partiet fjernar seg frå det som er dei grunnleggande verdiane arbeidarørsla; fridom, likskap og brorskap – samt det som bind oss saman; internasjonal solidaritet. Verdiar som i lang tid har vore, og som stadig er under angrep i Europa og verda.

Noreg har kapasitet og midlar til å ta imot fleire, og dette burde Arbeidarpartiet gått i spissen for.