Pressefoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Plata til stordabuen vart lansert på vinyl og digitale strøymetenester i dag.

Ei plate som inneheld alt frå beksvart visesong til trippande britpunk, men mest av alt Vestnorsk Indie!

Slik skildrar Nils Horneland debutplata si, som han gir ut under artistnamnet Nils Horn.

35-åringen frå Stord har lenge vore aktiv musikar. Han starta som frontfigur i det bergenbaserte Stord-bandet Superbravo tidleg på 2000-talet. I 2012 debuterte han under artistnamnet Nils Horn med singelen «This House».

Platecoveret til Nils Horn si debutplate «Sjå på meg no».

Vil kvitte seg med kassegitaren

For tre år sidan flytta han frå Bergen til Stord, og jobbar til vanleg som sivilarkitekt i ABO Plan & Arkitektur.

Samtidig har han altså jobba iherdig med å få gitt ut debutplata.

- Annonse -

– Plata er spelt inn over to år i studioet til produsent Ian Kolstad på Stord. Musikken bærer preg av ein visesongar som prøvar å kvitte seg med kassegitaren, skriv han i ei pressemelding.

Nils Horn forklarar at dei saman har utvikla eit særeige og kompromisslaust lydbilete der tekstane smeltar saman med lyden av støy, raspande trombone og kule riff.

– Lydbiletet er rart, fint og stilig.

Heksebrenning og høgreiste furutre

Og det er ikkje tvil om at albumet er ein variert pakke med låtar.

– Tekstar om heksebrenning og støvlar fulle av stein skal gjera hausten eit lite knepp mørkare og skogen eit lite knepp djupare. Men om ein vert lurt inn på nokre humpete skogsvegar, så finn ein alltids lune plassar mellom nokre høgreiste furutre, skildrar artisten sjølv.

Det er eit breitt lag som har bidrege til debutalbumet. Forutan produsent Ian Kolstad har Nils Horn fått med seg Erlend Thoresen på trommer, Andreas Bjordal på synth, Marius Tobias Hoven på trombone og Kjell Magne Fauskanger på bass.

Platesleppet vert markert med releasekonsert på Arena på Stord 17. november og i Bergen 24. november.

Her kan du høyre albumet «Sjå på meg no» på Spotify.

- Annonse -