Aktiv Sunnhordland er allereie gått frå fire til fem tilsette. Her er Christoffer Lillestøl, nytilsette Gro Skaathun og dagleg leiar Kjell Fylkesnes. I bakgrunnen pryder to av dei 14 Reitan-kunstverka som kontoret har på utlån. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det nye meklarhuset på Stord sikra seg kontrakt for sal av alle nybygga til Fronta ved oppstarten. Denne veka startar dei også sal av Teinevikjo, og er i forhandlingar om sal for andre utbyggjarar. 

Det er lite som skulle tyde på at lokala til Aktiv Sunnhordland for få år sidan husa Stord lensmannskontor. Kontorlokala i 3. etasje på Bytunet er ikkje berre blitt pussa opp. Dagleg leiar Kjell Fylkesnes og kollegaane har regelrett gjort lokala om til eit kunstgalleri.

14 av dei fargesprakande bileta til kunstnaren Elling Reitan heng tett rundt i lokalet. Det starta med at Christoffer Lillestøl, som tidlegare leia Garanti Eiendomsmegling sin avdeling  på Stord, hadde to trykk av kunstnaren som han hadde fått lånt av kunstsamlaren Kjetil Kvarven på Stord.

Då han spurte om å få ta med trykka til den nye arbeidsgivaren, Aktiv Sunnhordland, fekk han ikkje berre ja til svar: han fekk med seg 14 av originalverka til kunstnaren på utlån.

– Me burde arrangert ein kunstutstilling i desse lokala, slår dagleg leiar Kjell Fylkesnes fast.

Auka med ein tilsett

- Annonse -

Den tidlegare eigaren i Fylkesnes Bil har verkeleg gått offensivt inn i den nye bransjen. Berre nokre veker etter oppstarten har dei allereie gått frå å vere fire til fem tilsette, og kan konstatere at dei no er blitt størst på Stord innan sal av nye bustadar.

Sal av Fronta Bolig sine bustadprosjekt sikra dei seg allereie frå starten. No har selskapet også inngått kontrakt med Jørgensen og Engelsen om sal av bustadblokkene i Teinevikjo. Fylkesnes opplyser at dei også er i forhandlingar med fleire sentrale utbyggarar i regionen.

– Me satsar på ein nisje med nybygg og nysal. Det var underdekning på forhandlarar på nybygg på Stord, og me trur folk vil ha dette samla på ein plass. Det er me allereie i ferd med å få til.

– Nybygg kjem til å bli kjempeviktig for oss framover, seier Fylkesnes.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Sikra seg kompetanse

Gjennom tett dialog med utbyggarane har dei sikra seg kompetansen som skal til for å selje nye bustadar.

– Grunnen til at me har treft så bra er at det er mykje strengare dokumentasjonskrav når ein meglar skal selje nye hus i staden for utbyggar. Den kompetansen har me sikra oss.

Den nye  meklaren likar å sjå på seg sjølv som ein utfordrar til dei etablerte aktørane på Stord, Eigedomsmeglar Vest, Eigedomsmeglar1 og DNB Eigedom. For å gjere dette har dei teke i bruk nye teknologiske verkemiddel, som 3D-visning av ein del bustadar. Det betyr at du kan ta ein virtuell vandring rundt i bustadane, akkurat som på Google-tenesta Street View.

– Det er ikkje lett å selje hus eller hytter  til folk som til dømes sit i Bergen. No kan dei dra på visning utan å vere fysisk til stades. Dette er eitt steg inn i framtida. Det er litt kostnadar med dette, men det er med å løfte oss i marknaden. Me blir lagt merke til.

Må snu seg kjapt

For Fylkesnes meiner at ein heller ikkje i meklarbransjen har råd til å hamne bakpå i den rivande teknologiske utviklinga.

– Det er ikkje alltid dei store og sterke som vil overlevere i tidene me har no, der ting endrar  seg så fort, det er dei som snur seg kjappast og tilpassar seg nye tider. Det  gjeld i meglarbransjen òg.

For den pensjonerte bilforhandlaren på 62 år, blei pensjonstida bare 3 veker, før han måtte ut i manesjen igjen. Han  er klar på at han er avhengig av å få med seg  svoltne medarbeidarar frå yngre generasjonar dersom han skal få dette til.

– Dette er ikkje eg som skal få dette til å vekse. Det må vekse med dei yngre som har engasjement og evnar å vere personleg. Me er avhengig av å vinne tillit i denne bransjen, og heldigvis jobbar me tett med ein bank som ikkje er så firkanta som dei etablerte.

Aktiv Sunnhordland AS er eigd av Kjell Fylkesnes (45 %), Tysnes Sparebank (35 %) og andre partnarar (20 %).

- Annonse -