Harald Engevik bestod fagprøven i dag. Foto: Engevik & Tislevoll AS.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dagleg leiar i byggefirmaet Engevik & Tislevoll AS, Harald Engevik, tok fredag fagprøven i tømrarfaget, i ein alder av 60 år.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Det er firmaet som legg ut den glade meldinga si på Facebook-sida si:

– I dag vil me gratulera den nye tømraren vår, Harald Engevik, med bestått fag-/sveineprøve i tømrarfaget.

Harald er dagleg leiar i Engevik & Tislevoll, og har jobba i bedrifta i vel 37 år. Til dagleg finn du ingeniøren på kontoret på Fitjar, der han reknar anbod og følgjer opp den daglege drifta i selskapet.

1. september 2018 fylte Harald 60 år, og fann ut at det var på tide å gå opp til praktisk prøve.

Vil motverka haldningar

- Annonse -
- Annonse -

Harald fortel til Fitjarposten at alderen ikkje tyngjer, sjølv om han kanskje er litt meir «rusten» og ikkje fullt så fingernem om dei unge tømrarane. Han synest ikkje det er noko verre for ein sekstiåring enn ein trettiåring å ta faprøven.

– Eg har lyst å motverka holdninga om at me ikkje brukande lenger når me blir litt eldre, seier den ferske tømrarsveinen.

- Annonse -

Fagprøven består av ein teoridel og ein praktisk del, og tar ei veke. Den praktiske prøven har Harald gjennomført på Mediehuset Sunnhordland sitt trykkeri på Heiane, og i dag kunne sensor slå fast at prøven var bestått!

– Ikkje noko stor sensasjon

Harald presiserer at det ikkje er nokon stor sensasjon, det er berre å bestemma seg og å gjennomføra det. Han ville ikkje vera dårlegare enn fagfolka han har i firmaet sitt. Harald legg ikkje skjul på at det har vore med på å auka respekten for arbeidsfolka han har ute i felten i all slags vêr heile året.

Firmaet Engevik & Tislevoll har mange dyktige fagfolk, og Harald set pris på at styresmaktene dei seinare åra har lagt større vekt på fagutdanning.

– Me er stolte over fagarbeidarane våre, og over lærlingane, som skal bli det!

Seier den nybakte fagarbeidaren til slutt. Før han går over til feiringa, som blir fredagstaco i nøkterne former.

Me sluttar oss til den lange rekkja av gratulantar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -