Mange hadde møtt fram for å få med seg konserten med Matti Røssland. Foto: Anders Horvei
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Matti Røssland starta Viseklubben sin sesongopning på ein omlag fullsett Osvald Pub.

Av: Anders Horvei

– Dette var over all forventning, sa Endre Olsen til Stord24 rett før konserten begynte.

Endre Olsen og Vidar Hope i Viseklubben fortalte i introen sin at Matti Røssland er den artisten dei burde begynt Viseklubben med, men ein måtte venta til konsert nr. 101 før han kom på besøk.

Røssland, som kjem frå Husnes, hadde med seg bandet som består av Jørgen Skeie på piano og Reinhardt Toresen på bakgrunnsvokal og tamburin.  Dei var i storform, og det var stemninga var veldig god. Men det var kanskje litt tidleg for allsong på ein ettermiddagskonsert, sjølv om Røssland prøvde å få stordfolket med.

Viseklubben måtte venta til konsert nr.101 for å få Matti Røssland på besøk, Vidar Hope (t.v.) og Endre Olsen var nøgd med besøket laurdag. Foto: Anders Horvei

Det gjekk for det meste i dei gamle slagerane som «Tøffe tider», «Stjålen båt», «Søster Cecilie», og «Lyseblå hagestoler».

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Han heldt flyten med morosame kommentarar som at du ikkje berre kan ha gode tekstar, men også ha nokon dårlege. Uheldigvis er det dei dårlege som blir populære. Dette var introen til «Tøffe tider».

Han slapp aldri taket på publikum, og blei klappa tilbake for eit ekstranummer etter å ha spelt rundt 14 låtar. Sjølv om det ikkje var mykje allsong å høyre, hang latteren laus, og alle verka oppslukt av Matti sin framføring.

Røssland vil ikkje berre vere det einaste snadderet publikum vil kunne får høyra og sjå denne sesong. I mars tar Jonas Fjeld turen innom, og i april kjem Sigrid Moldestad til Viseklubben, som altså holdt sin konsert nummer 100 i romjula.

Matti Røssland stilte på Osvald Pub med sine to musikarar. Foto: Anders Horvei
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -