Liv Kari Eskeland er svært glad for at Hywind-mølla utanfor Karmøy no inngår i katapultsenteret på Stord. Foto: Equinor/Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) gler seg over storsatsinga i Tømmervika og at Hywind-mølla utanfor Karmøy no vil inngå i katapult-senteret på Stord.

Tysdag kom pressemeldinga om at Unitech har kjøpt verdas første flytande vindmølle, Hywind Demo av Equinor. Den vil inngå som testvindmølle i det nye nasjonale katapultsenteret som nyleg er starta opp på Stord.

Samtidig varslar Unitech at dei vil bygge base for flytande vindmøller i Tømmervika på Stord.

Var med i prosessen

Begge sakene får stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) til å juble. Før Eskeland vart vald inn på stortinget var ho prosjektleiar i Unitech. Ho fortel at selskapet allereie då var i ein prosess for å sikre seg arealet i Tømmervika.

– Dette var ein av grunnane til at Unitech i si tid gjekk ut og ville kjøpe Tømmervika, nettopp for å drive med denne type verksemd. Det var det veldig kjekt å vere med på. Forhandlingane har pågått i eit par år, og det har vore mange grunneigarar inne i biletet. Så var det først før jul at alle brikkene fall på plass.

Den tidlegare Stord-ordføraren er også klar på planmynde i Stord kommune bør jobbe så raskt og effektivt i søknadsprosessane slik at prosjektet ikkje blir utsett.

- Annonse -

– Eg håpar ein no legg alt til rette for planprosessane. Det må nok regulerast litt for å få på plass alt som skal på plass. Så eg håpar kommunen snur seg raskt rundt og blir ein god medspelar.

– Eg har vore i møte med kommmunen når det gjaldt Tømmervika, og opplevde berre positiv vilje. Eg vonar dei held fram med den konstruktive dialogen.

– Dette er berre heilt genialt

– Korleis ser du på sjansen for at verksemder på Stord får kontrakt på å bygge Hywind-møllene til Equinor?

– Equinor seg seg no om etter moglege område der dette kan skje. No legg ein til rette for at Stord kan bli ein arena der dette kan skje. Det er jo heilt perfekt djupneforhold i Tømmervika, noko som me har vore klar over i mange år. Så dette er heilt genialt.

Eskeland ser ikkje bort i frå at Kværner også kan vente seg vindmøllekontraktar om ikkje lenge, då i samband med Tampen-prosjektet, der Equinor har beslutta at  Snorre og Gullfaks-plattformane skal bli forsynt med straum frå flytande havvind.

– Equinor har sagt at dei satsar på betong som understell for dette prosjektet. Det er jo heilt midt i blinken for Kværner med deira kompetanse. Eg trur at mange brikker no dett på plass. No gjeld det å utvikle økonomisk bærekraftige prosjekt som gjer at me kan få halt i land desse prosjekta til Stord og Sunnhordland.

Nytt bein i det grøne skiftet på Stord

Ikkje minst er Eskeland håpefull om at vindsatsinga blir eit viktig ledd i det grøne skiftet på Stord.

– Eg synest det er fantastisk gledeleg dersom dette kan bli eit av dei bidraga som sunnhordlandsregionen kan gjere for å kome over på fabrikasjonen inn mot fornybar energi.

– Me er knallflinke på olje og gass, og det skal me halde fram med å vere. Samtidig veit me at me må omstille oss til fornybar energi. No kan me få nok eit bein å stå på, og det er strålande. Eg håper berre at me greier å dra dette i land, slik at Stord verkeleg blir ein arena for ein slik type produksjon.

– Fabelaktig for katapultsenteret

Ikkje minst er Eskeland, som sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, glad for at produksjonen for Hywind-mølla utanfor Karmøy kan halde fram, og vil inngå i katapultsenteret på Stord.

– Det er heilt fabelaktig at Unitech stiller Hywind Demo til dispensasjon for katapultsenteret. Det gjer at små og mellomstore bedrifter som vil inn på vindmarknaden få høve til å teste ut teknologien sin. Om det er dronar som skal reparere noko, om det er fartøy som skal testast eller materialkvalitetar. You name it.

– No har ein sikra forlenga levetid for mølla slik at ho kan produsere straum i fleire år. Sett i eit bærekraftperspektiv er det viktig at den får stå og produsere så lenge som mogleg.

 

- Annonse -