Benjamin Kallestadbakken var nøgd med møte med Erna Solberg. Foto: Amalie Sydnes/Stord24
- Annonse -

 

I dag fekk avdeling for tilrettelagt opplæring ved Stord VGS besøk av Erna Solberg. Elevane gleda seg då dei skulle få møte statsministeren.

Tilrettelagt opplæring, arbeidslivstrening og kvardagslivstrening er eit tilbod for brukarar som går på vidaregåande skule. I dag var dei ekstra spente då dei venta besøk frå Erna Solberg.

– Eg trur Erna er lik som på TV. Eg gledar meg veldig til å møte ho. Ho er jo kjendis, seier Benjamin Kallestadbakken.

Erna Solberg var møtt med sang og god stemning. Ho fekk høyre om draumane om framtida til elevane. Mats Tveita fekk snakke på vegne av elevane og fortalde statsministeren om kvardagen deira og tankane om framtida. Etterpå fekk Erna Solberg gå rundt på stasjonar og prate med elevane.

Foto: Amalie Sydnes/ Stord24

Møte med statsministeren sto til alle forventningar.

- Annonse -
Foto: Amalie Sydnes/ Stord 24

- Annonse -