Erik Nilsen Onarheim skal springe frå Haugesund til Oslo neste veke. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Neste veke skal 23-åringen frå Stord springe 443 kilometer til inntekt for Kreftforeninga.

Erik Nilsen Onarheim (23) må vere det nærmaste me kjem Stord sin eigen Forrest Gump. Førstkomande måndag, kl. 05.00, skal han legge ut på ein løpetur som få eller ingen andre har våga seg ut på.

Då startar han ved Haugesund stadion, og skal legge ut på ferda over Haukeli-fjellet, og har eit mål om å kome i mål på Bislett stadion i Oslo løpet av fredagen. Til saman vil han altså tilbakelegge 443 kilometer i løpet av fem dagar. Det betyr nær 100 kilometer om dagen.

Erik Nilsen Onarheim trenar til vanleg for Stord IL. Foto: privat

– Eg tenkjer å springe rundt 100 kilometer kvar dag. Klarar eg å nå Oslo i løpet av fire dagar er jo det berre endå betre.

Det var Hnytt som først melde om saka.

– Veldig gøy å springe

23-åringen bur på Stord, men valte Haugesund som startpunkt så han slepp å springe gjennom Bømlafjordtunnelen.

- Annonse -
- Annonse -

– Kvifor i alle dagar gjer du dette?

– Eg synest berre det er veldig gøy å springe. Eg er i farta heile tida eigentleg. Til slutt blir dette ei god oppleving og eit fint minne å sjå tilbake på.

– Så gjer eg også dette for å utfordre meg sjølv. Eg har jo tidlegare jogga frå Stord til Haugesund, seier sprekingen frå Stord.

– Men dette er ein god del mykje lenger?

- Annonse -

– Jada, men eg trur det skal gå bra. Eg spring ganske mykje til vanleg og er aktiv i friidretten. På søndag sprang eg tre mil berre på løye.

Vil samle inn pengar

Onarheim fortel at han skal opprette ei Facebook-side der folk kan følgje han på ferda.

– Eg ønskjer å springe for Kreftforeninga, slik at dette blir for ei god sak. På Facebook-sida tenkte eg å starte ei innsamling der folk kan legge inn beløp under turen, til dømes ei krone per kilometer eg spring.

Han vonar mange stordabuar som bur i Oslo kjem for å heie han i mål på Bislett stadion.

– Jau, det hadde vore heilt supert.

– Korleis trur du formen er når du kjem i mål?

– Nei, då er eg nok veldig, veldig sliten, og veldig tunge bein. Det kan eg sjå for meg.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -