Linn Tove Dahle Alvsaker. Foto: privat
- Annonse -

Om ein ikkje tek seg i samen no, er vegen til lockdown rett rundt hjørnet.

Av: Linn Tove Dahle Alvsaker, Stord

Eg undrar; kva er det med hold avstand, hold deg heime når du er sjuk, ikkje reis til utlandet om du ikkje må, unngå forsamlingar på over 20 stykk i privat samanheng, vask hender og held deg til karantenereglane ein ikkje forstår?

Er det så vanskelig å innrette seg etter dei lovar og reglar som er gitt i samband med korona?

Om ein ikkje tek seg i samen no, er vegen til lockdown rett rundt hjørnet. Så då er spørsmålet, vil DU der igjen? Nei, det var det eg tenkte. Ikkje eg heller.

Så kjære Noreg, dette er alvor. Det er like viktig å stå saman no som i vår og prøva å bekjempe viruset fra å øydeleggje enno meir!

- Annonse -

Nokon skuldar på regjeringa, andre på ungdomen. Eg veit ikkje kva som er rett, men det eg veit er at om det fortsett i den retninga det gjer no, vil det bli ein jævlig kjip haust! Eg ber innstendig om at ein gjer det ein kan for å kunne ta tilbake kvardagen, om det så vil ta veker, månader eller år.

Me har klart det før, og eg veit me vil klare det igjen!

Innlegget vart først publisert på Alvsaker sin Facebook-profil, og vert publisert på Stord24 med løyve frå skribenten.

- Annonse -
Forrige artikkelKoronasmitta stordabu er tilsett i Kværner: – Dette er noko me tek på alvor
Neste artikkelBandtvangen er snart over, men ikkje på Stord: – Eg meiner framleis kommunen bryt lova