Frå Moria-leiren. Foto: Leger uten grenser
- Annonse -

DEBATT: Det Høgre og Frp har gjort er å skuve saka fram til etter regjeringa har gjort si behandling av saka. Dette er utruleg trist, for fleirtalet hadde fortent at kommunestyret si røyst kom fram!

Av: Trine Gravdal, leiar i Redd Barna Stord
Ingunn Roseth Byrknes, nestleiar
og Anna Elisabeth Lundal, styremedlem

Justisminister Monica Mæland bad om ein to vekers frist for å koma med ei løysing til Stortinget, for sårbare born i flyktningleiren Moria i Hellas. Fristen går ut 19.mai, og vi ventar i spenning på kva løysinga blir.

Redd Barna stiller seg saman med ei rekkje andre organisasjonar bak oppropet #evakuerbarnaframorianå. Organisasjonane som har slutta seg til oppropet krev at Noreg bidreg til at familiar med born og einslege mindreårige blir evakuert frå flyktningleiren Moria.

Torsdag 14.mai var det fremma ein interpellasjon med eit ønske om at Stord kommune skulle støtte oppropet. Redd Barna såg fram til at Stord kommune kunne bli ein av dei snart 100 kommunane som stiller seg bak oppropet. Sjølv om det var fleirtal i kommunestyret til denne saka, blei ikkje utfallet slik ein hadde håpa på.

Høgre og Frp nytta moglegheita dei hadde til å blokkera heile saka, slik at den ikkje blei handsama i det heile teke.

- Annonse -

Partiet Raudt fremja saka og Tore Blokhus uttalar at det er synd at saka vart blokkert, særleg når fleirtalet i kommunestyret ønsker å stille seg bak oppropet. SV, Krf, Venstre, Sp og Ap tok til ordet både for å handsama og for å signera oppropet i kommunestyret. SV både lokalt og nasjonalt er klare på at Noreg er nøydde til å ta ansvar og at ein må svara positivt på førespurnaden til Hellas. Anna Sofie Ekeland Valvatne seier at for å få dette til så må ein auka presset på regjeringa vår. Når staten sviktar, kan både kommunar og lokalsamfunn gå føre. Det bør Stord gjere og difor er det viktig å signera  dette oppropet, uttalar Anna Sofie.

Saka kjem opp i neste kommunestyremøte. Alle partia og dei uavhengige representantane har signalisert at dei vil slutta seg til og stille seg bak oppropet. Det Høgre og Frp har gjort er å skuve saka fram til etter regjeringa har gjort si behandling av saka. Dette er utruleg trist, for fleirtalet hadde fortent at kommunestyret si røyst kom fram!

Det er skuffande å sjå at Stord Høgre ikkje har tillit til vurderingsevna til sin eigen  kommunalminister og lokale stortingsrepresentant. Det er eit dårleg politisk handtverk av ordførarkandidaten som ønskjer å foreine partia på borgarleg side, no ser seg tent med å blokkera ei hjartesak for både Krf og Venstre på ein teknikalitet.

Fleirtalet i kommunestyret har ytra at dei støttar oppropet. Å ta i bruk eit slikt verkemiddel som Frp og Høgre gjorde er eit politisk spel. Spørsmålet er som følgjande, er det greitt å drive eit slikt spel med skjebnen til borna?