Delegasjonen frå Stord hadde med sydvestar frå Kattnakken som gåver. Foto: Gaute Epland
- Annonse -

Lesarbrev: For meg har denne reisa verkeleg vore ei stadfesting av at venskapssamarbeidet har noko for seg og gjev resultat.

Av: Gaute Epland (Ap)
ordførar, Stord kommune

Onsdag kveld kom eg tilbake frå mitt første besøk til Stord sin venskapskommune i Guatemala, San Juan Comalapa.

Det var ei utruleg reise, med mange og sterke inntrykk kvar dag.San Juan Comalapa er i dag ein by med om lag 50 000 innbyggjarar. Historia har på mange måtar vore brutal: Spansk erobring og kolonialisme. Jordskjelv i 1974 der 4800 av byens innbyggjarar mista livet. Borgarkrig frå 1960 til 1994 som gjekk hardt ut over mayafolket. For å nemna nokre av dei største lidingane byen og landet framleis er prega av.

Venskapssamarbeidet mellom Stord og Comalapa vart etablert i 1989. Opp gjennom åra har det vore fleire prosjekt med fokus mellom anna på musikk, kvinner i leiande posisjonar og bosshandsaming. Fleire ungdommar frå Stord og Comalapa har fått høve til å bu og jobba eitt år eller lengre i kvarandre sine kommunar.

Ordførar Gaute Epland (Ap) saman med leiaren for venskapsforeninga Torgeir Tvedten. Foto: Gaute Epland

Avgjerande i alle år har vore aktive venskapsforeiningar både på Stord og i Comalapa. I tillegg har Stord vidaregåande skule spelt ei viktig rolle i samarbeidet, dei siste åra mellom anna gjennom å arrangera ein årleg solidaritetsdag til inntekt for utdanning for fattige ungdommar i Comalapa.

- Annonse -

Det har vore mange reiser med ulike delegasjonar frå dei to kommunane opp gjennom åra. Denne gongen bestod delegasjonen av fem frå venskapsforeininga, fire frå Stord vgs (rektor, lærar og to elevar) og meg frå Stord kommune. Ein flott gjeng, som gjorde opplevelsane og reisa rikare.

For meg har denne reisa verkeleg vore ei stadfesting av at venskapssamarbeidet har noko for seg og gjev resultat.

Som ordførar er eg stolt av dette 33-år lange samarbeidet, og eg håpar det vil vara i lang tid framover.

- Annonse -
Forrige artikkelEdgar tek over som leiar i viktig utval
Neste artikkelHalvor debuterte som forfattar i fjor. Allereie no er han klar med oppfølgjaren