Skisse: OG arkitektar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Engevik & Tislevoll får jobben med å bygga om Bømlo Kulturhus til 12,6 millionar.

Rundt 700 kvadrameter i 1. og kjellaretasjen i kulturhuset på Bømlo skal byggast om. NAV-kontora skal samlast i kjellaren, medan det vert nytt hovudbibliotek i første etasjen. Engevik & Tislevoll fekk kontrakten på 12,6 millionar.

Dagleg leiar i Engevik & Tislevoll, Harald Engevik, syntest det er kjekt å få jobben.

Harald Engevik. Foto: Engevik & Tislevoll AS.

– Det er kjekt å jobba på Bømlo, og det vert same teamet som jobba på Rubbestadneset skule.

Det er ei stund sidan Engevik & Tislevoll har vunne dei store anboda på 50+ millionar kroner.

– Vår styrke har blitt å jobba med mange mindre oppdrag, heller enn dei få store. Me har mange jern i elden, og jobbar heile ferien på ulike oppdrag, fortel Engevik, som ogso er ute på jobb.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Les ogso: Tok sveineprøve i tømrarfaget når han var 60 år

– No jobbar me på Stord Hotell, med kontorbygget til SIM på Heiane, pluss me skal straks i gang med ny hall til dei i Svartasmoget. I tillegg til vanlege boligar. Til hausten skal me bygga hall for Vest Aqua Base på Årskog, og bygga nytt kontorbygg for Austevoll Melaks.

Harald Engevik er ogso nøgd med at dei fekk anbodet på resten av bygningsmassen på Smedholmen.

– Me vann oppdraget på våningshuset, og har jobba jamt med det i vår. No fekk me oppdraget på løa, kårhuset og sjøboda. Det er me veldig glad for, og me gler oss til sluttresultatet. Det er fint å jobba det ute på dagar som denne, småler Engevik.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -