På bilete ser me driftsleiar Amund Engelsen og byggherre Gerhard Meidell Alsaker etter kontraktssignering. Foto: Engelsen Entreprenør
- Annonse -

Skal bygge ein ny industrikai på Tysnes, som vil gi arbeid for ein vesentleg del av selskapet sin arbeidsstokk.

Engelsen Entreprenør meldte torsdag at dei har skrive kontrakt med Meidell-konsernet om bygging av ein over 2600 kvadratmeter industrikai ved Nedrevågen på Tysnes. Kailinja vert rundt 130 meter lang.

Ein kai av denne størrelsen er ikkje kvardagskost for entreprenøren.

Blant dei største i regionen

– Delar av kaien skal ha bereevne på 15 tonn per kvadratmeter og vil bli ein av dei både største og kraftigaste kaiane i regionen. Det vert også lagt til rette for heile 15 meter djupne ved kaifronten, skriv selskapet.

Arbeidet startar opp allereie i mai, og vil sysselsetje ein vesentleg del av arbeidsstokken til selskapet fram mot ferdigstilling i mai 2019.

– Me takkar for oppdraget og ser fram til å starte opp arbeidet, skriv Engelsen.

- Annonse -

Viktig milepæl

Det er laksemilliardær Gerhard Meidell Alsaker som signerte kontrakten med Engelsen Entreprenør.

– Dette ein viktig milepæl for næringsområdet i Nedrevågen. Det er ei av dei djupaste, lengste og kraftigaste dimensjonerte kaiene i Sunnhordland, seier samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, Kristian Råsberg i ei pressemelding.

- Annonse -