Dagleg leiar i Birken & Co viser korleis arbeidet med kaiutvidinga skal skje då dei fekk kontrakten i fjor. No får dei meir arbeid på Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kværner har tildelt Birken & Co AS kontrakt for bygging av ny kranbane i samband med kaiutvidinga på Stord. Store deler av jobben vil bli gjort av Stord-verksemda Engelsen Entreprenør.

Sandnes-baserte Birken & Co fekk i fjor vår jobben med utdjuping av hamnebassenget og bygging av det nye kaianlegget på verftet, i samband med Kværner si storutviding til 370 millionar kroner.

No har Kværner tildelt entreprenøren meir arbeid. Dei får no oppdraget med å forlenge kranbanen for den store traverskranen «Storen» med 100 meter.

Den lokale verksemda Engelsen Entreprenør AS blir også sentral i jobben om Birken & Co har fått.

– Birken & Co AS har lang erfaring med bygging av kaianlegg og er glade for å ha med ein erfaren og lokalkjend entreprenør som Engelsen, seier prosjektleiar i Birken & Co, Geir Inge Pedersen.

Arbeidet dei skal gjere vil starte opp umiddelbart, opplyser Kværner.

- Annonse -

– Me er godt nøgd med samarbeidet med Birken & Co. At dei no vel ein lokal verksemd for bygginga av kranbanen er ein solid stadfesting på lokal kvalitet og konkurransekraft.

Han opplyser at dei frå før har med seg Ing. Jørgensen AS, Multiconsult, Stord Anlegg AS, Stord Oppmåling AS og Engelsen Anlegg AS i kaiprosjektet.

Verftsdirektør Steinar Røgenes signerte kontrakt for bygging av kaianlegget i fjor vår, her med dagleg leiar i Birken & Co, Per Ivar Birkeland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -