Slik vil den nye kaien framstå når Johan Castberg-prosjektet er i gang.
- Annonse -

Birken & Co AS har på vegner av Kværner tildelt Engelsen Entreprenør AS kontrakt for betongarbeid i samband med utbygginga av kaianlegget på Stord.

Arbeidet er ein del av gigantinvesteringa på 370 millionar kroner for nytt kaianlegg og forlenga kranspor på Kværner sitt verft på Stord.

– Me tildeler Engelsen Entreprenør AS ein kontrakt for å bygge betongelement i samband med kaifronten. Inkludert i kontrakten er også ein opsjon for vidare betongarbeid i prosjektet.

– Me er tilfredse med å ha med oss ein erfaren og lokalkjend entreprenør som Engelsen, seier prosjektleiar i Birken & Co, Geir Inge Pedersen.

Betongarbeidet vil ha oppstart i første kvartal i 2019.

Kværner er også nøgd med at lokale underleverandørar vert brukt i prosjektet.

- Annonse -

– Me er godt nøgde med at ein lokal verksemd er med å hevde seg i konkurransen også for betongarbeid. Frå før har me med oss både Ingeniør Jørgensen AS og Multiconsult si Stord-avdeling, seier prosjektleiar i Kværner, Thomas Dahl.

- Annonse -