- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Neste veke er det duka for dobbeltkonsert med Stord-trubadur Endre Olsen og den svenske Charlie Engstrand Sommer. 

– Dette blir eit låtskrivarmøte på tvers av tradisjonar, generasjonar og krokar i nord. Saman byr dei på det dei trass alt har felles: songar om songar om livet i all sin tvil-, håp- og kjærleiksfulle prakt, skriv Endre Olsen i ei pressemelding.

Konserten er del av ein vestlandsturnè som elles stoppar i Stavanger, Voss, Norheimsund og Bergen.

Endre Olsen har med seg sin faste songpartner gjennom ein halv mannsalder, Ragnhild Kambo Grov. Saman skal dei presentere dei unike akustiske og harmonifyllte versjonar av songar frå fjorårets kritikarroste plate, Bøttevis med blått. Ei plate som mellom anna fekk terningkast 6 i BT og 5 i Dagbladet og Klassekampen. 

For tida jobbar dei med ny plate i Bergen, og fleire nye songar står på repertoaret denne kvelden, melder paret. 

Med albuma Kärlek på svenska, Bortom orden og Vägen til Paris, har Charlie Engstrand Sommar forlengst skrive seg langt inn i den stolte svenske visetradisjonen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Begeistra er òg meir kjende artistar som Stefan Sundström og Toni Holgersson, som gjerne tolkar songane hans på sine eigne plater. Det er ikkje ofte denne svensken  er i Noreg, ei heller her på vestlandet, skriv Endre Olsen.

– Då viseklubben i fjor haust klarte å lura han over fjella, var det ein aldri så liten sensasjon. Heldigvis trivst han såpass godt at han ville tilbake fort, og denne gong med utvida turnèliste og besetning (gitarar, piano og cello).

Konserten skjer på Sykkel & Kaffi torsdag 28. mars.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -