Denne båten er tilsvarande hurtigbåten Oma no skal bygge for Torghatten. Foto: Oma Baatbyggeri
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Båtbyggeriet på Stord har inngått kontrakt med Torghatten Nord om levering av ein katamaran.

Dermed har den tradisjonsrike familiebedrifta på Stord sju båtar i ordre, noko som sikrar arbeid for dei tilsette i to og eit halvt år.

Den nye båten som skal leverast skal overleverast i juni 2020. Båten vil ha kapasitet på 147 passasjerar og bli nytta på eit samband som Torghatten Nord har i Troms.

– Med denne kontrakten har ordrereserven passert 500 millionar for båtbyggeriet, og sikrar god sysselsetting ut 2021. Med den siste ordren har me no sju fartøy som skal leverast innan utgangen av 2021, skriv selskapet i ei pressemelding.

- Annonse -

Den første båten som skal leverast er ei batteridriven ferje til Boreal, som vil bli levert no i slutten av juni.

Den ferske kontrakten kjem berre ei veke sidan det blei offentleggjort at Oma Baatbyggeri og Offshore Windservice A/S har signert kontrakt om levering av to 32 meter lange spesialfartøy for transport av servicepersonell for offshore vindmøller.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -