Lageret til En Liten Øl har god kapasitet til å bli fylt opp med auka produksjon. På golvet ser me styreleiar Geir Inge Solberg og bryggerimeister Øystein Huus. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fjoråret enda nok ein gang med raude tal for handbryggeriet på Fitjar.

– Me har god omsetnad lokalt i Sunnhordland, spesielt på Stord og Fitjar. Men det tar tid å bli store utanfor heimemarknaden, og det visste me. Konkurransen i butikkhyllene er stor med mykje forskjellig øl, seier styreleiar Geir Inge Solberg i En Liten Øl.

Selskapet kan vise til inntekter på 3,6 millionar i 2018, opp frå 2,1 millionar året før. Dette svarar til ein oppgang på 33 prosent, og er det høgaste selskapet har oppnådd i omsetnad sidan dei starta bryggeriet i 2016.

Resultatet enda like fullt med eit underskot på nærare 900 000.

Solberg håpar på svarte tal

Til samanlikning enda drifta i 2017 med eit negativt årsresultat på 1,5 millionar.

Styreleiaren fortel at budsjettmåla er heilt i tråd med det som var forventa, og kryssar fingrane for eit lite overskot det komande året.

- Annonse -

– Me visste det ville gå fleire år utan positive tal. Først no, når me passerer tre år i august, har me håp om å sjå positive tal, seier han.

– Kor stort overskot blir det snakk om, trur du?

– Det er det kundane og marknaden som bestemmer. Me håpar at trenden held fram, at kundane kjem tilbake og at fleire oppdagar oss. Volumveksten viser at me får det til, konstaterer Solberg.

– Redda av aksjonærane

Han forklarar inntektsauken dels med at bryggeriet har fått på plass eit samarbeid med fleire kvalitetsdestinasjonar, som Solstrand Hotell, Haaheim Gaard, Bekkjarvik Gjestgiveri og Stord Hotell. Her bryggjar dei eit heilt eige øl til samarbeidspartnarane.

Kombinert med utvida leveranse til Bergensområdet, Haugesund og Stavanger, kan det sjå ut til at mykje har gått riktig veg for ølprodusenten.

– For oss er det to ting som har vore veldig viktig. Det eine er å bli kjend og likt i Sunnhordland. Ein er nøydd til å ha ein god base i heimemarknaden. Samtidig ser me at me må rekke litt lenger ut for å få ei fornuftig lønnsemd. Det er dette me held på med no, og eg synes me har kome godt i gang her, opplyser styreleiaren.

– Det andre er at me må ha likviditet. Me må ha pengar til å halde ut nokre år. I dag har me 70 lokale aksjonærar som har bidratt med eigenkapital, og det er dette som er gjort at me har overlevd.

Meiner det er for mange produsentar

Statistikk frå Bryggeriforeningen viser at småskalabryggeria har hatt ein nedgang i salsutvikling på 13,68 prosent frå mars 2018 til mars 2019. Hittil i år er det snakk om ein nedgang på 7,2 prosent.

Med nærare 150 småbryggeri i Noreg i dag, vedgår Solberg at det fort kan bli litt «trangt om beinet».

– Me har ingen ambisjonar om å konkurrere med dei store industribryggeria. Dei har ein marknad på over 95 prosent i Noreg. Dei siste fem åra har det også kome mange småbryggeri, og me delar på ein marknadsandel på 4 prosent. Det seier seg sjølv at etterspurnaden ikkje er stor nok til at så mange kan overleve.

– Kva trur du skal til for at folk skal velge handverksøl framfor billegare øl på butikken?

– Våre øl blir med opplevingsøl. Det er ikkje snakk om ein sekspakning som ungdommen tar med seg på fest. Det handlar meir om å ta seg ein liten øl, smake på dei ulike smakane og setje det saman med mat, seier Solberg.

- Annonse -