Bilen som Emil Vatne (19) og kameraten køyrde blei avskilta etter steinraset. Både frontruta og panseret fekk seg ein kraftig smell. Foto: privat
- Annonse -

–  Eg tør ikkje tenkje på kva som hadde skjedd dersom den største steinen hadde kome gjennom frontruta, seier stordabuen.

At rasfaren er stor på E16 mellom Arna og Voss er mange klar over. Men Emil Vatna (19) og kameraten fekk verkeleg merke kor farleg det kan vere då dei køyrde mot Stord måndag ettermiddag.

Emil og kameraten hadde vore på fisketur i Hemsedal, og ante fred og ingen fare. Plutseleg vart dei råka av eit steinras.

Steinraset gjekk Mellom Bolstadøyri og Evanger. Ein stein på 20×20 centimeter fall ned skråninga og landa rett på panseret på bilen, og knuste delvis frontruta.

- Annonse -

Bilen som dei unge stordabuane satt i er ikkje køyrbar etter raset.

- Annonse -
- Annonse -

– Frontruta på bilen er knust, og panseret har fått seg ein kraftig trøkk. Bilen er ikkje køyrbar, seier 19-åringen til BA, som først omtalte saka.

Begge to kom frå raset med skrekken i behald.

– Me hadde flaks. Eg tør ikkje tenkje på kva som hadde skjedd dersom den største steinen hadde kome gjennom frontruta, seier Vatna til avisa.