Øyvind Kyvik toppar Høgre-lista på Stord. Foto: Vindblikk
- Annonse -

Lesarbrev: Me er alle født frie og me har alle rett til å oppleve lykka. Det krevjast at me aldri gløymer verdien av å stå opp for kjærleiken og annleisheita.

Av: Øyvind Kyvik,
Ordførarkandidat, Stord Høgre

For Høgre er retten til å elska den du vil heilt sentral for enkeltmenneskets friheit. Dei siste 50 åra har denne sjølvsagde retten for oss alle vorte utvida. Det er ikkje lenger skambelagt å vera sambuar eller å ha sex før ekteskapet. Det er einigheit om at homofile, lesbiske og bifile er like verdifulle menneske som alle andre.

Den likestillingskampen som mange har stått opp for har blitt eit felleseige for oss alle, men det har diverre ikkje alltid vært slik.

Det er lettare no en nokon gong før i historia å være ærleg og open om kven me er og kven me elskar. Kjærleik og tryggleiken til å uttrykke den er grunnleggjande for alle menneske.

Det er fortsatt mange som slit med negativ sosial kontroll i sine miljø, og som derfor ikkje klarar eller tør å være opne sjølv. Det er vår jobb å halde døra inn til det frie samfunn så vid og velkommen at den enkelte føler det er trygt å ta sine steg ut av andre sin kontroll og opplevingar av skam.

- Annonse -

Me er alle født frie og me har alle rett til å oppleve lykka. Det krevjast at me aldri gløymer verdien av å stå opp for kjærleiken og annleisheita. Eit mangfaldig samfunn som ikkje sitt på fasiten for andre sine liv, er eit gode for alle.

Livet er som kapittel i ei lang bok, som kvar og ein av oss må skrive sjølv. Kjærleiken er det viktigaste kapitelet i den boka, og det er positivt at stadig færre lar den være noko som me berre kan skimte om me les mellom linjene.

For tross alt så er det kjærleiken som er det største. Det aller største.

- Annonse -