Fredagslunsj på Selevik skule er eit populært tiltak. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

DEBATT: I intensjonsavtalen om kommunesamanslåing med Stord var det ein føresetnad at Selevik og Øvrebygda skular skulle bestå, skriv lokallagsleiaren i Utdanningsforbundet i Fitjar.

Av: Katrin I. Ankervold
Lokallagsleiar  i Utdanningsforbundet i Fitjar

28. januar 2016 skreiv ordfører i Fitjar, Wenche Tislevoll, under intensjonsavtalen ved forhandlingane i høve kommunesamanslåing.Sitat frå intensjonsavtalen:

Katrin Ankervold. Foto: Stord kommune

«Ingen tilsette skal seiast opp som følgje av samanslåinga. Endring av arbeidsoppgåver og tenestestad skal skje etter medverknad frå dei tilsette. Tilsette skal ikkje få reduksjon i løna si som følgje av kommunesamanslåinga. Ein eventuell reduksjon i talet på tilsette skal skje med naturleg avgang.»

Måndag 4.juni d.å. kom rådmann med fleire leiarar i Fitjar kommune opp til eit fellesmøte ved Rimbareid barne og ungdomsskule ilag med alle dei tilsette i Fitjar skulen. Intensjonen bak møte var å bu tilsette i sektoren på at det kan gå mot oppseiingar dersom skulebruksplanen vert vedtatt slik administrasjonen legg den ut til vedtak for politikarane.

Vil politikarane i Fitjar stå ved tilsvarande formuleringar som i intensjonsavtalen: «Ingen tilsette skal seiast opp»? I alternativ 1 i skulebruksplanen vert både Øvrebygda og Selevik skule lagt ned. Dette vil gje ein estimert innsparing på i overkant av 5 millionar årleg i høve skulebruksplanen sitt alternativ 1. Men det vil igjen sei at åtte til ti arbeidsplassar vert overtallege innanfor skuleverket.

- Annonse -

Får dei tilsette i Fitjar kommune same garantien som i 2016 at reduksjon i talet på tilsette skal skje med naturleg avgang?

Vidare står det i intensjonsavtalen:

 «Krinsskulane (til dømes  Selevik og Øvrebygda) er svært viktige for busetjing og utvikling i bygdene. Skulane skal halda fram som skular for barnetrinna så lengje elevgrunnlaget og det pedagogiske tilbodet vert ivareteke på ein forsvarleg måte. Rimbareid barne- og ungdomsskule skal halda fram som skule for barne- og ungdomstrinnet.»

Det er ingen endringar innafor skuleverket som tilseier at det pedagogiske tilbodet er endra i høve forsvarleg drift dei to siste åra. Da vil det kun stå igjen eit økonomisk grunngjeving for at det evt skal gå til nedlegging av to av tre skular i Fitjar kommune. Elevane i heile Fitjar kommune vil få eit drastisk svakare tilbod ein dei har i dag. Mindre ressursar i høver vaksentettleik og til delingstimar.

Utdanningsforbundet i Fitjar har eit håp om at formuleringane om at krinsskulane i Fitjar er svært viktige for busetjing og utvikling i bygdene vil bli tatt omsyn til ved det politiske handsaminga av skulebruksplanvedtaket. Fråflytting vil koste dyrt. Så slik kan det være at innsparinga i skulebruksplanen raskt blir eten opp av reduserte overføringar ved redusert innbyggjartal i Fitjar kommune.