Geir Magne Hamnes gir elevane omvisning i gruvene. Foto: Amalie Sydnes / Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Elevar i frå Stord vidaregåande skule var på besøk til gruvene i dag for å lære om lokalhistorie.

– I denne perioden av skuleåret er det mange elevar som berre går rundt og ventar på å bli trekt opp til eksamen. Dagane går ofte til venting, og difor er det kjekt å ha eit lærerikt opplegg som elevane kan ha nytte av seinare, fortel Kathrin Isdal som er lærar ved skulen.

I ein hektisk periode med stort fokus på eksamen og ikkje minst mange dagar utan skuleopplegg har lærarane på Stord vidaregåande skule organisert ein aktivitetsdag for elevane i ventetida.

– Eg syns det er viktig at elevane får lære om lokalhistoria gjennom slike besøk som me har i dag til gruvene. Det å få sjå korleis industrisamfunnet var før i tida er naudsynt for å forstå samfunnet slik det er i dag, seier Isdal.

Foto: Amalie Sydnes / Stord24

Klassane i frå vg2 fekk bruke skuledagen på Litlabø der dei fekk omvisning rundt gruve-området. Geir Magne Hamnes er frivillig i Venelaget for gruo og var i dag med og fortalde om gruvehistoria til elevane. Sjølv er han utdanna geolog og jobbar offshore i Equinor. Den tida han er heime i frå jobb nyttar han til å engasjere seg i Venelaget for gruo.

- Annonse -

– Det er veldig kjekt at lokalsamfunnet støttar og er interessert i det me gjer. I mai var det travle dagar og me fekk besøk av fleire skular, noko me syns er veldig bra. Me i Venelaget for gruo jobbar frivillig og ynskjer å ta vare på denne delen av historia til Stord, fortel Hamnes.

- Annonse -
- Annonse -

I 3. klasse på vidaregåande er ein del av pensumet å lære om lokalhistoria. Difor ynskja lærarane å ta med elevane ut for å få eit nærare innblikk i dette.

– Mange av oss har røtter frå arbeidarsamfunnet. Det er naudsynt å lære om kvar me kjem i frå og å vere stolt over denne viktige delen av Stordsamfunnet, seier Isdal.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -