- Annonse -

Ein mann i 80-åra er frakta til Stord sjukehus etter eit trafikkuhell i Mosterhamn.

– Det er ein person i ein elektrisk rullestol som er involvert i uhellet, opplyser Sørvest politidistrikt.

Det var ein mann i starten av 80-åra som var involvert i uhellet. Han vart frakta til Stord sjukehus etter først å ha blitt behandla på staden.

Mannen var ved medvit etter at uhellet skjedde, opplyser politiet.