Illustrasjonsfoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein einebustsd brann ned til grunnen på Tysnes natt til onsdag. Ein mann i 70-åra omkom i brannen.

Det var ein nabo som meldte frå om brannen ved Malkeness på Tysnes, like etter midnatt. Brannvesenet fekk kontroll på brannen rundt klokka 03.50.

Klokka 1.17 meldte Vest politidistrikt på Twitter at dei hadde kontroll på den eine personen som budde i huset, som var vekkreist. Men at dei ikkje hadde kontroll på den andre personen, ein mann i 70-åra.

– Me har gjennomsøkt første etasje med røykdykkar. Der fann me ingen, sa Roald Drotningsvik ved 110-sentralen til BT ved 01.30-tida.

Onsdag føremiddag sendte Vest politidistrikt ut ei pressemelding om at brannvesenet hadde funne ein død person.

– Det er å anta at dette er den sakna mannen i 70-åra, men personen som er funnen er ikkje identifisert, skriv politiet.

- Annonse -

Dei næraste pårørande til mannen er blitt varsla av politiet.

Huset blei totalskadd i brannen.

- Annonse -