Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Eit redningshelikopter fann mannen torsdag morgon etter ein storstilt redningsaksjon som haldt på heile natta.

Klokka 22 onsdag kveld fekk politiet inn ei bekymringsmerlding om ein eldre mann på 75 år som ikkje hadde kome tilbake etter at han hadde dratt ut på ein gåtur. Meldarane hadde då hatt kontkakt med mannen siste gong klokka 19.00.

Politiet iverksette då ein leiteaksjon i området sørvest for Sagvatnet, som ligg ved Finnås på Bømlo.

Over 40 frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder deltok i leiteaksjonen som haldt fram gjennom heile natta. I tillegg til fleire patruljar frå politiet.

Leiteaksjonen fekk heldigvis ein lukkeleg slutt. I 7.30-tida torsdag morgon kom mannen til rette.

– Den sakna mannen vart funne i leiteområdet. Han er tilsynelatande i god form, men kald. Han får naudsynt tilsyn av helsepersonell, opplyser Sørvest politidistrikt.

- Annonse -

Det var eit redningshelikopter som fann mannen.

- Annonse -