Karoline Eldøy (innfelt) har fått vervet som ny styreleiar i næringsrådet på Stord. Foto: Midtsiden / Stord Næringsråd
- Annonse -

Landskapsarkitekt Karoline Eldøy tek over for Magne Heimvik.

Nyvalet skjedde på årsmøtet til Stord næringsliv førre veke.

Eldøy jobbar til dagleg som landskapsarkitekt og dagleg leiar på Stord-kontoret til ABO plan & arkitektur, og vald til styreleiar i Stord næringsråd i eitt år. Ho tek over for Magne Heimvik, som er administrerande direktør i SKL.

Resten av det nye styret består av Martin Tveita, Mats Tonning, Janne H. Kleppe og Kjell Arne Halleraker.

På årsmøtet kom det også fram at rekneskapen syner eit overskot for Næringsforeninga på nær 200.000 kroner for 2016.

- Annonse -