Foto: Eldøyane næringspark
- Annonse -

I fjor måtte dei betale 162.000 kroner i sakskostnadar etter å ha tapt ei rettssak mot Eldøyane Sjøsportssenter. No er verkstaden på Eldøyane oppløyst.

Den vesle verkstaden på Eldøyane på Stord vart stifta heilt tilbake i 1913 , og har drive med reperasjon og vedlikehald av skip og båtar. Selskapet har vert styrt av Hogne Dahl og Kjell Kristian Dahl.

– Me har jo drive her i 106 år. Så det er jo vemodig å gi seg. Men det blei berre sånn, og er det ikkje noko å gjere noko meir med, seier Kjell Kristian Hogne til Stord24.

Det er ein historisk verksemd som no tek slutt. I kulturminneplanen til Stord kommune står det følgjande om verkstaden:

I 1913 reiste brørne Helle og Alf Dahl motorverkstad i Eldøy. Til å byrja med vart der produsert motorar, seinare vart det mest reparasjonsarbeid og smedarbeid. I dag er det meste av aktiviteten service på fritidsbåtar. På verkstaden er to slippar, begge bygde før 1920. Verkstadbygget og slippane er lite endra dei siste åra og står som eit godt døme på ein mindre mekanisk verkstad frå tidleg i førre hundreåret.

Selskapet har dei siste ti åra vore i konflikt både med Stord kommune og med Eldøyane Sjøsportsenter. Bakgrunnen er at kommunen gav løyve til sjøsportsenteret å leggje ei flytebrygge rett utanfor eigedomen til Eldøy Mekaniske Verksted.

- Annonse -

– Eg synest det er rart at kommunen er med å leggje til hinder for ei verksemd som har halde til her i 100 år, sa Kjell Kristian Hogne til Sunnhordland i 2010.

Konflikten om strandretten førte til rettssak, og blei endeleg av Gulating lagmannsrett i fjor. Det førte til tap for EMV, noko som førte til at verkstaden måtte betale 162.000 kroner i sakskostnader til sjøsportsenteret.