John Martin Mjånes i SKL skriv om straumprisene. Foto: SKL
- Annonse -

DEBATT: Norge har alle forutsetningar, og ligg betre an enn dei fleste. Lat oss nytta dei naturgitte fordelane vi har!

Av: John Martin Mjånes,
administrerande direktør i SKL

Det er tid for å gjera noko! På kort sikt må staten kompensera innbyggjarane i landet for dei høge straumprisane. Det har staten råd til.

Dei høge straumprisane fører til at stat, fylkeskommunar og kommunar får minst 10 milliardar kroner i ekstrainntekter frå kraftproduksjonen i høve til eit normalår. Denne ekstra inntekta bør staten betala ut igjen til norske straumkundar.

På lengre sikt må ein sjå til at kraftmarknaden fungerer. Norge har sidan 1960 hatt utveksling av straum med andre land. Dei fleste kablane går til Sverige, nokre til Danmark, vi har kablar til Nederland, Tyskland og England. Totalt er det no sytten utanlandskablar. Dette gjer at Norge kan importera kraft når me treng det, og eksportera kraft når andre treng det. Dette tener landet Norge godt, på lik linje med annan energieksport som olje og gass.

Norsk kraftproduksjon er i hovudsak eigd av staten, fylkeskommunar og kommunar. Dette gjer at dei ekstra inntektene vi får, kjem alle til gode. Likevel er situasjonen no slik at me treng ekstraordinære tiltak.

I det store biletet kan vi slå fast:

- Annonse -

• Kraftmarknaden og utvekslinga av straum skapar inntekter for Norge. Den hindrar at alle land må overinvestera i kraftproduksjon, og sikrar at den mest konkurransedyktige krafta vert bygd.
• Inntektene som vert skapt kjem alle til gode, gjennom norsk offentleg eigarskap.

I det kortsiktige biletet har vi ei utfordring. Norge har for tida rekordhøge prisar på kraft, og ein snittpris som er 4 -5 gonger meir enn det vi kan forventa i eit normalår. Det er fleire grunnar til den høge kraftprisen, her er dei viktigaste:

• Høg gasspris – skapt av for lite tilgjengeleg gass på verdsmarknaden.
• Høg CO2 pris – eit resultat av internasjonale målsetjingar om at den som ureinar lufta skal betala.
• Lite vind i nabolanda våre – mindre import av rimeleg straum.
• Låg magasinfylling i Norge. Vassmagasina har i gjennomsnitt om lag 10% lågare fyllingsgrad enn i eit normalår, grunna den tørre våren og sommaren me har lagt bak oss.

Den høge kraftprisen skapar ekstraordinære inntekter for Staten i milliardklassen. Sjølv om det no er vanskeleg å forstå, er kraftprisen i Norge framleis billigare enn i våre naboland. Me brukar meir straum i Norge enn i andre land. Hovudgrunnen til det er at rimeleg tilgang på elektrisitet har ført til at dei fleste hus og bygningar vert varma opp med straum.

Det er svært bra i eit klimaperspektiv. Men då må prisen vera overkommeleg. Staten bør kompensera for den høge straumprisen. I tillegg til ekstraordinære inntekter på straum, har staten også rekordinntekter på eksport av gass.

• Staten bør kompensera alle personar for den ekstraordinære situasjonen vi er i.

Høge straumprisar kan koma til å skje igjen. Verden, Europa og Norge er inne i ei tid der vi skal fasa ut fossile brensel og erstatta dette med rein og fornybar energi. Den kan vi henta frå vind til havs, vind på land eller sol.

I Norge kan vi kanskje også henta meir frå vasskrafta gjennom noko nybygging og rehabilitering. Den situasjonen vi har nå, vil òg tvinga fram ein debatt om korleis vi skal sikra nok kraft når fornybare kjelder som sol og vind ikkje leverer. Blir det ein renessanse for kjernekraft? Det gjenstår å sjå.

Uavhengig av løysinga over, er nokre trendar sikre:

• Vi treng meir fornybar energi i framtida – den må vi henta frå sol, vind til havs og vind på land. Oppgradering av vasskraft vil uansett ikkje vera tilstrekkeleg.
• Vi må tåla naturinngrep gjennom framføring av straumlinjer og utbygging av fornybar energi.

Avslutningsvis: Vi treng kortsiktige tiltak for å redusera den krisa vi er inne i nå. Vi treng langsiktig handling for å byggja ut meir fornybar energi.

Norge har alle forutsetningar, og ligg betre an enn dei fleste. Lat oss nytta dei naturgitte fordelane vi har!

- Annonse -
Forrige artikkelAldri har så mange koronapasientar vore innlagde her samtidig
Neste artikkelSjukehussjefen ønskjer strengare, nasjonale tiltak: – Me har mangel på isolasjonsrom