Slik ser dei nye nettsidene til Stord kommune ut. Skjermbilete: Stord kommune
- Annonse -

– Dette er noko av det mest keisame eg har sett på veldig, veldig lenge. Det inspirerer iallfall ikkje meg til å flytte til Stord, seier Hein Tore Tønnesen i teknologiselskapet Appex.

Stord kommune fekk for nokre veker sidan heilt nye nettsider. Den største endringa er at sida er responsiv, det vil seie at den er like god å bruke uansett om ein brukar PC, nettbrett eller mobil.

Stord24 har fått det Haugesund-baserte teknologiselskapet Appex til å vurdere den nye nettsida. Dei spesialiser seg på brukervennlegheit på nett, og har tidlegare vurdert Haugesund kommune sine nettsider for TV Haugaland.

Konsultasjonsleiar Hein Tore Tønnesen i Appex meiner den nye sida framstår som brukarvenleg.

Hein Tore Tønnesen i teknologiselskapet Appex i Haugesund er ikkje imponert over den nye nettsida. Foto: Appex

– Teknisk sett er dette ei grei nettside. Den ser ut til å ha den navigasjonen som er forventa i ei kommunal nettside. Det er ikkje vanskeleg å søkje, og ein får relevante resultat. Så på eit overordna nivå er brukarvenlegheita god.

Han understreker at han ikkje kjenner til den gamle nettsida, og kan difor ikkje seie om den er blitt meir brukarvennleg enn den førre.

- Annonse -

– Får ikkje lyst å flytte til Stord

Men når det gjeld utsjånaden til sida meiner Tønnesen sida står til stryk.

– Når det gjeld designet og det visuelle må eg seie at dette er kjedelege greier, som iallfall ikkje inspirerer meg til å flytte til Stord. Det er vel knapt eit bilete eller illustrasjon på undersidene, berre sort tekst på kvit bakgrunn. Dette er noko av det mest keisame eg har sett på veldig, veldig lenge.

Tønnesen meiner ei visuelt fin nettside også gjer at den er meir brukarvennleg.

– Det viktigaste er ikkje det visuelle. Brukarvenlegheiten er alltid viktigare. Men dette heng saman. Når det er svart/kvitt utan nokre element så blir brukarvennlegheita vanskelegare. Så dette står omtrent til stryk.

Han meiner det er avslørande for arbeidet med den nye nettsida at det første ein blir møtt med er eit bilete av Leirvik i svært låg oppløysing.

– Dette skal vere førsteinntrykket til dei som besøker sida. Er det ikkje mogleg i 2018 å finne eit fint bilete som representerer Stord?

Fjerna nettredaktør-stillinga

I samband med innsparingar i budsjettet i 2016 fjerna politikarane stillinga som nettredaktør. I dag er det éin tilsett i Stord kommune som brukar halve stillinga si til å drifte nettsida. Tønnesen meiner det er ei merkeleg avgjersle at ein vel å bygge ned ressursane for å lage gode kommunale nettsider.

– Det høyres rart ut å kutte på stilling knytt til nettsida i 2018. Dette skal jo vere den primære informasjonskanalen til innbyggjarane, og det er her du ventar å få oppdatert informasjon om kva som skjer i kommunen. Å ikkje prioritere ein slik stilling høyres jo litt som å gå baklengs inn i framtida. Ein større kommune treng definitivt å prioritere ressursar for dette.

Tønnesen viser til at kommunen ikkje nødvendigvis sparar pengar på å nedprioritere nettsida.

– Å ikkje prioritere nettsida blir meir kostbart i andre enden. Viss du har ei god nettside som løyser 99 prosent av brukarbehova så får ein vesentleg mindre press på telefon og besøk, som krevjer ressursar. Det vil definitivt svare seg for kommunar å ha ei god nettside.

Rådmann Magnus Mjør. Foto: Stord kommune

Viktigast med brukarvennlege sider

Rådmann Magnus Mjør seier at det viktigaste for kommunen har vore å lage nye nettsider som er brukarvenlege.

– Det er hyggeleg at Tønensen synest den nye nettsida vår er brukarvenleg. Det har også vore det viktigaste frå vår side, at innbyggjarar og andre lett skal kunna orientera seg å få svar på spørsmåla sine.

Rådmannen fortel at dei ønskjer å få på plass fleire bilete etter kvart for å gjere det visuelle betre.

– At han synest sida er keisam er sjølvsagt ikkje like hyggeleg. Men det er også hans subjektive vurdering. Utforminga er mellom anna eit resultat av at me har prioritert å få ei brukarvenleg side. Det er også eit spørsmål om kapasitet og prioritering. Me valde å offentleggjere sida no, så vil det kome bilete etter kvart.

Mjør er samd med Tønnesen i at det kan vere kostnadsbesparande for kommunen å ha gode, velfungerande nettsider.

– At ei god nettside er viktig for å nå innbyggjarane er sjølvsagt eg og klar over. At me ideelt burde brukt meir ressursar på informasjon har eg sjølv påpeika fleire gonger. Men at det å ikkje ha eigen nettredaktør er å gå baklengs inn i framtida, er ein merkeleg påstand og ein påstand som eg er heilt ueinig i.

- Annonse -