Onsdag var det ekssambuaren og eldstesonen til tiltalte som forklarte seg under rettssaka som vert halden på Stord Hotell. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Både eks-sambuaren og eldstesonen til den overgrepstiltalte mannen fortel om sterk frykt for kva han kan gjere mot familien når han ein gong slepp ut av fengselet.

På den tredje dagen av den fire veker lange rettssaka mot 51-åringen, som er tiltalt i den svært grove overgrepssaka i Sunnhordland, var det hans tidlegare sambuar og den eldste sonen som skulle forklare seg.

I tillegg til det alvorlegaste tiltalepunktet, som går på valdtekt av eldstedottera, er mannen også tiltalt for vald og trugslar mot alle dei andre i familien.

Visste ikkje om overgrepa

Den tidlegare sambuaren av tiltalte, som har budd saman med tiltalte i omtrent 20 år, forklarte at ho ikkje kjente til dei systematiske seksuelle overgrepa mot stedottera.

– Eg hadde aldri mistanke om seksuelle overgrep. I byrjinga trudde eg dei berre hadde eit veldig godt forhold. Dei haldt kvarandre i handa og kyssa mykje. Det hendte eg kritiserte dei og syntes dei hadde for nært forhold. Då blei han sint på meg og sa eg ikkje måtte blande meg.

Ho fortalte spesielt om ei oppleving som gjorde inntrykk.

- Annonse -
- Annonse -

– Ein gong då eg kom inn i stova satt dei og kyssa kvarandre veldig lenge på munnen. Eg orka ikkje å sjå på det og forlét rommet. Det syntes eg var ekkelt.

– Trudde på det med ein gong

Eks-sambuaren fekk først vite om dei seksuelle overgrepa etter at politiet arresterte mannen sommaren 2017. Då var det mykje som fall på plass av det ho hadde vore vitne til i heimen.

– Eg trudde på det med ein gong. Eg veit ikkje kvifor, men eg tenkte på alt som var blitt fortalt og ting som hadde skjedd. Til dømes at han hadde kjøpt angrepille og graviditetstest til dottera. Han forklarte det med at han mistenkte at ho hadde blitt gravid med ein gutt. Men det som var merkeleg var at han ikkje var sint, for det var han alltid dersom han hadde mistanke om at ho var saman med gutar.

51-åringen er tiltalt for grov mishandling av eks-sambuaren over fleire år, mellom anna skal han ha slått ho slik at tennene lausna. Ho fortalte om korleis humøret til mannen plutseleg kunne snu, slik at han vart svært aggressiv.

– Han vart veldig mørk i auga, og såg heilt vill ut. Han kalla meg alltid stygge ting og truga med å slå eller drepe meg og at ingen skulle finne liket mitt. Ein gong sa han at han skulle skjære av meg hovudet og servere det på fat til borna, forklarte ho.

Eks-sambuaren sin bistandsadvokat Ingrid Lauvås i samtale med borna sin bistandsadvokat Benedicte Storhaug. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Slo sonen då han var eitt år

Kvinna fortalte om ei rekkje episodar der mannen utøvde vald mot barna, gjerne utløyst av bagatellmessige episodar som då ein tallerken fall ned og knuste.

Ho fortalte at deira yngste sonen blei utsett for vald så tidleg som ved eittårsalderen.

– Eg såg at han blei slått på kinnet ein gong då han var rundt eitt år. Han hadde klort [tiltalte] ved eit uhell, og då smalt han tilbake veldig hardt med flat hand.

– Korleis er det som mor å sjå ungane sine bli behandla slik?

– Det er forferdeleg vondt. Men eg har vore alt for redd han for å gjere noko med det, sa kvinna.

Ho fortalte at ho vegra seg for å la ungane vere aleine heime med borna, men at ho måtte det i periodar grunna jobb.

- Annonse -

Fortalte om ekstrem frykt

Både eks-sambuaren og eldstesonen blei kalt inn til avhøyr av politiet før mannen blei arrestert. Då unnlet dei begge to å fortelje om valden og trugslane, i frykt for frykt for kva mannen kunne gjere mot dei.

Det var først i det andre avhøyret med politiet, då dei visste at tiltalte var varetektsfengsla, at dei opna seg om kva dei hadde opplevd.

Eks-sambuaren har fått diagnosen posttraumatisk stressliding, og fortalte om sterk frykt for tiltalte. Ho fortalte at ho hadde jamlege mareritt om at 51-åringen var slept ut frå fengselet eller at han plutseleg var i huset.

Sjølv om mannen har vore varetektsfengsla det siste året, klarte han å få tak i ein telefon og ringe eks-sambuaren då han i ein periode var innlagt på sjukehus.

– Eg blei veldig nervøs, og begynte å skjelve. Eg trudde jo at eg ikkje skulle høyre meir frå han, og så ringer han plutseleg.

– Korleis ser du på livet framover? spurte aktor.

– Eg håpar at han skal sitje inne lengst mogleg, eg er livredd for at han skal kome ut igjen og hemne seg. Han har jo ingenting å tape sidan han har mista alt. Sjansen for at han kan drepe er jo mykje større no enn nokon gong før. Eg er heilt sikker på at han kjem til å gjere det dersom ha kjem ut.

– Har alltid vore redd han

Den 19 år gamle eldstesonen forklarte også om ein oppvekst med mykje trugslar og vald, og at han i dag sleit med den same fryktkjensla som mora.

– Eg har alltid vore redd for han, for det går jo psykisk inn på oss alle gongane han har truga oss, og det kjenner eg at eg framleis er.

– Me er alle redde for kva som skal skje når han kjem ut. For han har jo sagt mykje om kor farleg han er. Han har delteke i krig, og kan kampsport. Me har snakka mykje om framtida, for me er redde for om han skal søkje oss opp og kanskje drepe oss. Eg føler det er noko han kunne ha gjort, sa 19-åringen.

Trass i ein frykt som framleis varar, fortalde eks-sambuaren at familien har fått det mykje betre etter at faren vart fengsla i fjor.

– Me har snakka ein god del om det som har skjedd. Ungane har blitt meir glade, og ikkje så nedtrykte som dei var før.

Det same stadfesta eldstesonen.

– Alle har det mykje betre. Alle kjenner seg frie, og det er ikkje lenger noko dårleg stemning i huset.

- Annonse -