Sunnhordland interkommunale barnevern held til i Leirvik sentrum, og dekkjer kommunane Stord, Fitjar og Bømlo. Foto: Google maps
- Annonse -

Rekrutteringsproblem har ført til at barnevernstenesta på Stord ikkje har gjennomført nok tilsynsbesøk for 11 av dei totalt 39 fosterbarna i kommunen.

ei oversikt VG har laga kjem det fram at nær eitt av tre fosterbarn i Stord kommune ikkje har fått tilsynsbesøka som lova seier dei har krav på. 11 av dei totalt 39 fosterbarna i kommunen fekk ikkje nok tilsyn i 2016.

Tala er ikkje betre for Fitjar og Bømlo kommune, som også inngår i ansvarsområdet til Sunnhordland interkommunale barnevern (SIB). I Fitjar har 3 av 10 fosterbarn ikkje fått nok tilsyn, og i Bømlo er talet 10 av 39.

Stord, Fitjar og Bømlo er dermed blant dei åtte kommunane i Hordaland med størst avvik når det gjeld lovpålagte tilsynsbesøk.

Skuldast rekrutteringsproblem

Leiar i Sunnhordland interkommunale barnevern, Jørund Tvedt. Foto: Stord kommune

Leiar i SIB, Jørund Tvedt, opplyser at det er sjukefråver og rekrutteringsproblem som er årsaka til dei manglande tilsyna.

– Tala frå 2016 viser at det har vore færre tilsynsbesøk enn det regelverket gjev pålegg om. Årsaka til dette skuldast rekrutteringsutfordringar med å få på plass vikar ved sjukdom og rekruttere nye tilsynspersonar for ei som slutta i stillinga i 2016.

- Annonse -
- Annonse -

– Noko av avvika handla og om at tilsyn var gjennomført , men rapporten etter tilsynet var forseinka grunna sjukdom. Tilsynet vert ikkje registrert som gjennomført før rapporten er klar.

– Kva er tilsvarande tal for 2017 når det gjeld fosterbarn som ikkje har fått godt nok tilsyn i Stord kommune?

– Tal på barn som ikkje har fått tilsyn i 2017, er eitt. Dette handlar om eit barn som først vart plassert i fosterheim for så og bli flytta heim og på slutten av året vart på nytt flytta tilbake til same fosterheimen. her vart det gjort vedtak om å vente med tilsynsbesøk til situasjonen var meir stabilisert.

– Dette skremmer meg

Ein av dei som reagerer sterkt på tala som kjem fram i VG-saka er kommunestyrepolitikar Linda Grundtvig (Frp). Ho stilte nyleg eit spørsmål i kommunestyret om situasjonen til fosterbarna på Stord, som ordførar Gaute Epland (Ap) svarte på.

Linda Grundtvig i Stord Frp. Foto: Stord kommune

– Stemmer dette talet så er eg forundra over svaret eg fekk frå ordførar Gaute Epland. Barnevernet sviktar dei mest sårbare barna me har ansvar for som er i fosterheim når me ikkje følgjer opp lovpålagte tilsyn fire gonger i året. Dette skremmer meg og er ganske alvorleg, så dette vil eg ha full forklaring på. Her er det nokon som ikkje gjer jobben sin.

- Annonse -

I spørsmålet Grundtvig stilte til ordføraren ba ho mellom anna å få vite korleis Stord kommune følgjer opp fosterbarn med dei lovpålagte tilsyn, og korleis dette blir gjennomført.

Ho reagerer på at desse avvika ikkje var omtalt i svaret ho fekk frå Epland.

– Eg var beroliga då eg fekk svaret i kommunestyret men no er eg rysta og vil ha svar på korleis det kan ha seg at slikt kan skje, og der eg får eit svar som ikkje stemmer. Eg føler meg ført bak lyset.

– Alt som vedkjem barn, spesielt i fosterheimar er viktig og skal følgjast opp på ein god og betryggande måte. Her må me til botn i saka, seier Grundtvig.

Vil gi utfyllande informasjon

Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Stord kommune

Ordførar Gaute Epland (Ap) svarar at han vil informere Grundtvig og resten av kommunestyret om avvika i neste kommunestyremøte.

– Svaret eg ga i kommunestyret var på bakgrunn av kva eg fekk opplyst frå administrasjonen. Eg er inntilt på å gi eit meir utfyllande svar i neste kommunestyre, slik at det blir fullstendig opplyst dette som går på tilsyn og avvik og regelverket generelt.

– Eg er samd med Grundtvig at det er viktig å få riktige opplysningar fram i denne viktige saka, seier Epland.

I svaret Epland ga opplyste han at det berre var 19 fosterbarn i Stord kommune, medan VG skriv at talet er 39. Tvedt i SIB seier dette skuldast ulike måtar å rapportere på.

– Det handlar enkelt sagt om at rapporteringa i høve tenesta/kommunen sitt ansvar er knytt til oppgåver og desse er litt ulike alt etter kva oppgåve me rapporter i høve til, seier Tvedt.