Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Klokka 14.34 fekk politiet melding om at det brann i eit bygg i Hamnegata.

Brannen er sløkt, og det er mindre materielle skadar, men ingen personskade, melder Politiet i Sør-Vest på Twitter.

– Området der det brann, er heilt ute på kaia. Dei jobba med taket og så har det teke fyr. Kva som er årsaka til brannen er vi ikkje sikre på, det vil etterforskinga vise, opplysar Rune Tallaksen, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.

Opne flammar

Ifølgje eit augevitne Stord24 har snakka med sto flammane ut frå Oma Slipp.

– Ei venninne av meg såg det først. Ho seier «herregud, det kjem røyk frå taket», og me såg flammar som sto ut frå veggen og opp mot taket. Det varte ikkje lenge, for eg trur dei klarte å sløkke det før brannvesenet kom, seier augevitnet som ønskjer å vere anonym.

Saka vert oppdatert

- Annonse -