Debatt: Lokallaga til Arbeidarpartiet i Sunnhordland åtvarar fylkespartiet om eit dårleg stortingsval for partiet i Vest dersom Hordfast ikkje blir prioritert.
Brev til Vestland Arbeidarparti,
Av: Lokallaga til Arbeidarpartiet i Stord, Fitjar, Tysnes, Bømlo og Sveio
Arbeidarpartilaga i Sunnhordland er svært overraska og ekstremt skuffa over fleirtalet i fylkesutvalet si innstilling når det gjeld NTP-høyring i høve E39. Me har eit klart krav til Vestland AP og Fylkestingsgruppa og det er at ein står fast ved årsmøtevedtaket frå 2019.
Fylkesvalprogrammet: Arbeide for ein opprusta og ferjefri E39 gjennom fylket med gode koplingar til andre område i fylket.
Dersom fylkestingsgruppa fortsatt stør innstillinga frå fylkesutvalet meiner me at det er eit klårt brot både på årsmøtevedtak og Fylkestingsprogram. Etter vår meining er det i såfall særs alvorleg og får vår innsats i valkampen til å framstå særs lite truverdig. Etter vårt syn vil dette gje oss store problem med truverde i saker kring samferdsle, næringsutvikling og infrastruktur i komande stortingsval.
Når me i Arbeidarpartiet er i kontakt med lokalt næringsliv, særleg leverandørindustrien, så er det ein fellesnemnar og det er at dei peikar på ferjefri E39 som det viktigaste prosjektet i lag med utbetring av E134 samt bygging av fiskerihamn på Bømlo. Dette er prosjekt som Sunnhordland står samla bak. Me er også samde i at Vestland fylke har store og svært ulike utfordringar innan samferdsle, og får for liten del av midlane i NTP i forhold til Austlandet.
Ein ting som vert framheva i mange samanhengar er kor viktig det er å få til eit grønt skifte i norsk næringsliv. For å få til dette grøne skiftet må ein ha teknologi og arbeidsfolk som kan handtere teknologien. Denne kompetansen finn ein hjå næringslivet i Sunnhordland. Slik situasjonen er blitt i samband med corona-krisa vil det heller ikkje vere eit mindre krav til innovasjon og utvikling hjå verksemdene våre i framtida, heller tvert om. Då er det rimeleg klart for oss i Arbeidarparti at ferjefri E39 er det viktigaste samferdsleprosjektet for Sunnhordland og Vestlandet. P
rosjektet vil bety svært mykje for vidare utvikling av næringsliv og busetnad i regionen vår og skape ein felles bustad- og arbeidsmarknad frå Stavanger til Bergen. Også i arbeidet med å skape det nye Vestland fylke vil eit slikt prosjekt vere av stor verknad. Sunnhordland er eit område opp i mot 60.000 innbyggarar som treng ei tettare forankring mot resten av Vestland fylke.
Hordfast kan med rette også kallast eit klimaprosjekt. I dag vert denne delen av E39 handtert av tre ferjesamband. Det vil i alltid vere slik at ei ferje vil ha høgare energiforbruk pr bil enn kva som er tilfelle når bilen køyrer sjølv. I store deler av døgnet vil ferja gå med låg kapasitetsutnytting og likevel bruke same mengde energi som om den var full av kjøretøy. Hordfast vil sørge for at alle desse ferjesambanda vert avløyst av ein trygg og god veg der bilane kan kjøre med lågt energiforbruk. Samstundes vil ein fjerne mykje av flytrafikken mellom to av Norges største byar med ei monaleg innkorting av reisetida på veg.
Me meiner at prosjektet E39 Stord-Os (Hordfast) må realiserast så raskt som råd og at prosjektet no må realiserast med bru over Bjørnefjorden slik som det er lagt opp til i noverande NTP. Utredning og planlegging av andre løysingar er kun eigna til å skape uro kring prosjektet og sørge for at prosjektet vert utsett.
Arbeidarpartilaga i Sunnhordland meiner også at den no vedtekne sørlege krysninga over Langenuen er det beste alternativet for Sunnhordlandsregionen, og at det vil leggja til rette for eit framtidig fastlandssamband mot Kvinnherad og ein diagonal frå E134 mot Bergen. I tillegg så opnar det opp for framtidsretta løysingar også for Austevoll kommune med å knytte seg til E39 på Tysnes i stadan for ferje til Sandvikvåg.
Arbeidarpartilaga i Sunnhordland meiner at strekninga frå Bømlafjordtunnelen og fram til kryssing av Langenuen er eit prosjekt som eignar seg særs godt som eit strekningsprosjekt i den nye NTP som skal vedtakast av Stortinget neste år. Det vil då vere viktig at strekninga Heiane-Ådland har prioritet. Dette er den strekninga på eksisterande E39 i Sunnhordland med høgst trafikk.