Et «landemerke» i Fitjar sentrum, Malvinbua, er under riving. Foto: Håkon C. Hartvedt
- Annonse -

I Fitjar skal no arbeidet med miljøgata starta opp. Då må «Malvinbua» og aktivitetsområde i sentrum vekk, i alle fall midlertidig.

Av: Ingrid Hovstad

Medan arbeidet går føre skal det lagast omkøyring over staden der desse tinga står i dag, rett vest for parkeringsplassen framfor rådhuset. Aktivitetsområde med leikeapparat og «Blomster-Malvins plass» kjem opp att, medan den gamle blomsterbua forsvinn for godt.

Bua vart bygd tidleg på 1980-talet av Malvin Aarskog som dreiv blomsterbutikk i den fram til rundt 2013. Bua har etterpå blitt brukt av Galleri Flora som lager, men sidan dei flytta blomsterbutikken frå Larsen-bygget til det gamle bankbygget har bua stått unytta.

– Bua har gjort si nytte, ingen vits at den står der utan å vera i bruk fortel Malvin Aarskog.

Eit landmerke på Fitjar forsvinn, men det har ogso sine fordelar. Når aktivitetsområde vert sett opp att, vert det plass til reilestativ der bua har vore.

- Annonse -

– Me fekk mange innspel om at ungane i bygda sakna reiler i sentrum. Me søkte difor Sparebanken Vest for midlar, som gav oss 25 000 til reilestativ, fortel ei oppglødd Bente Bjelland, kultursjef i Fitjar kommune.

Ho gler seg til miljøgata står ferdig, og det forbetra aktivitetsområde kjem på plass.

- Annonse -