Familien Langeland Johansen kunne ikkje vore meir nøgd med opphaldet i gjestehamna. Foto: Amalie Sydnes / Stord24
- Annonse -

Familie frå Færøyane er ein av mange som har funne vegen til Leirvik hamn i sommar. 

Inge Espenes er hamnesjef ved Stord Hamnestell og er svært nøgd med årets turistbesøk.

– Til no har me hatt 1479 småbåtar innom gjestehamna. I fjor låg det totale besøket på 1685 båtar, så i år har det jo vore ein oppgang. Det er i gjennomsnittet 30 båtar som ligg til kai kvar dag og dette talet er me nøgd med, fortel Espenes. – Fram mot skulestart håpar me å kome opp i 1900 besøkjande.

Tyskland, Sveits og Danmark er nokre av landa som har vore innom hamna i sommar.

– Me har berre fått positive tilbakemeldingar, noko me er svært nøgd med. I sommar har me oppgradert bygget med nye dusjar, tørketrommel og toalett, så det er kjekt at folk setter pris på dette, fortel Espenes.

Familien Langeland Johansen i frå Bergen kunne ikkje vore meir nøgd med opphaldet i gjestehamna.

- Annonse -
Familien Langeland Johansen har med seg hunden deira på tur. Foto: Amalie Sydnes / Stord24

– Dusj og toalett- fasilitetane er kjempebra. Leirvik er ein veldig flott plass og me trivst godt her i gjestehamna. Me har vore her i 2 dagar no og syns plassen er heilt perfekt, fortel Johansen.

Minsteguten i familien seier han har høyrt rykte om at det har vore fanga blekksprut på øya, og håpar på å fange ein sjølv.

– Eg likar godt å fiske. Det hadde vore kult å få fanga ein blekksprut for det har eg aldri gjort før, fortel han.

Emilie Rolland og Daniel Rolland i frå Bergen er og på ferietur med båten i sommar.

– Det er veldig gøy å vere her på Stord. Me har gjort på masse kjekke ting og eg har fiska ein merkeleg fisk, fortel Emilie Rolland.

Broren hennar, Daniel, er òg nøgd med besøket til Leirvik.

– Me har vore å kikka i butikkar og mata andungar. I tillegg har me vore på kino og sett Løvenes Konge. Sidan det har regna så masse har det ikkje vore optimalt å bade ute, så då har me bada i bassenget i Kulturhuset i staden, fortel han.

Emilie og Daniel Rolland matar andungar frå båten. Foto: Amalie Sydnes / Stord24

Høgni Samuelsen i frå Færøyane har vore på ei lang reise før han kom hit. Han og familien har nettopp kjøpt seg ein  seglbåt i Gøteborg i Sverige. På vegen heim att har dei vore innom Skagen, Kristiansand og Mandal, før dei kom hit til Stord.

– Leirvik er ein liten plass, men det er berre bra for oss som kjem i frå Færøyane. Det er veldig vakkert her, og heilt nydeleg for oss som kjem med båt, fortel han.

Vidare skal dei innom Shetland før dei til slutt vender nasa heim mot Færøyane att.

Høgni Samuelsen slappar av i seglbåten medan familien er på shopping. Foto: Amalie Sydnes / Stord24

– Det er kjempefint her. Me kunne godt tenke oss å vore her litt lenger, men me har fortsatt ein lang reise foran oss, seier han.