Illustrasjonsfoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det var ingen heime då det byrja å brenne i ein einebustad i Bremnes på Bømlo tidleg søndag morgon.

Klokka fem søndag morgon fekk naudetatane melding om brannen i bustaden. Då dei kom til staden var det full fyr i bustaden, og lite brannmannskapet kunne gjere.

Brannvesenet fekk raskt avklart at det ikkje var nokon heime, og konsentrerte seg om å sikre brannen til å spreie seg til nabohusa.

– Me konsentrerte oss om slukking i form av at det ikkje skulle spreie seg til andre bygningar i nærleiken, fortel innsatsleiar Henning Vik i Sørvest politidistrikt til Haugesund Avis.

Foto: Bømlo brannvern

Førebels veit politiet ingenting om brannårsaka, men kriminalteknikarar skal undersøke staden tidleg neste veke.

Politiet fortel at det var fleire bebuarar registrert på bustadsadressa, der brannen skjedde.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er fem bebuarar som er registrerte på adressa, men det var ingen i huset då brannen starta, fortel politiet til avisa.

- Annonse -