Einar Iversen (17) frå Stord. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabu og Everton-spelar Einar Iversen er teken ut på U21-landslaget sin tropp under privatlandskampar mot Finland og Russland.

U21-landslagstrenar Leif Gunnar Smerud fortel at dei no har teke ut fleire yngre spelarar, i og med at Norge skal stille med eit eige U20-landslag som skal til VM.

– Me har ein spesiell og veldig gledeleg situasjon i år med eit U20-lag som skal til VM. Det gjer at me no har høve til å sjå ein del andre spelarar på dette nivået, og me har faktisk valt å gå for ein ganske ung og spennande tropp denne gangen som kjem frå tre litt ulike segment.

Einar Iversen, som er fødd i 2001 og fyller 18 år i juni i år, er dermed blant dei aller yngste som er tekne ut i troppen.

– Me har nokre unge 01-gutar som får sjansen etter som 00-lager er oppteken med EM-eliterunde. Eg forventar at desse 01-gutane som var med i U17-EM og gjorde det bra i fjor, skal bite dei andre litt i leggen. Både med og motspelarar, seier Smerud.

Iversen vart i fjor teken ut på U17-landslaget.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kampane mot Finland og Norge vil bli spelt Marbella og Malaga i Spania.

Deil vil gå føre seg på følgjande tidspunkt:

  • 22. mars  Finland – Norge, Stadium Marbella kl 19.00
  • 25. mars  Russland – Norge, Dama de Noche kl 16.00

U21-landslaget skal starte kvalifiseringa til EM 2021 i september.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -