Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Eit barn er lettare skadd etter frontkollisjon i Sagvåg.

Klokka 17.21 fekk naudetatane melding om at to bilar hadde frontkollidert i Sagvåg. Ulukka skjedde like ved Vasspollen ved Almås.

Politiet opplyser at det var fem personar involvert i ulukka.

Fire personar er frakta til legevakta for sjekk. Tre av desse er born, som alle er i barnehagealder.

– I følgje meldinger som kom inn til politiet skal det ikkje vere snakk om alvorlege skader, opplyser Sørvest politidistrikt.

I følgje ei oppdatering frå politiet søndag kveld vert eitt av borna skildra som lettare skada. Dei andre er tilsynelatande uskadd.

- Annonse -
- Annonse -

Det er snakk om moderate materielle skader på køyretøya. Klokka 18.38 melde politiet at vegen vart opna igjen.

- Annonse -

Trafikken var like før klokka 18 sperra grunna vegarbeid etter ulukka.

Operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit ves Sørvest politidistrikt har ikkje mykje meir informasjon å kome med når Stord24 tek kontakt.

– Me veit ikkje så mykje meir enn det me har skrive på Twitter. Me er framleis på staden og gjer undersøkingar. Så langt har me har ikkje fått noko indikasjon eller mistanke om promillekøyring, seier ho.

Politiet meiner at årsaka til ulukka er feilvurdering av moglegheit for å passere med to køyretøy i ein innsnevring det det føregår vegarbeid.