F.v. Magnus Mjør, Svein Ove Agdestein og Ole Yttredal. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Før kommunestyret får bestemt den vidare framtida til Stord Maritime Museum, vil ein tredjedel av tilskotet som var meint å gå til Sunnhordland Museum allereie vere brukt opp.

Sjølv om Sunnhordland museum lenge har signalisert at samarbeidet med Stord Maritime Museum ikkje kom til å halde fram, gav kommunestyret likevel partane frist til 15. april med å kome fram til ei semje. Som ein del av vedtaket vart Stord kommune sine løyvingar til Sunnhordland museum på 520.000 kroner halde tilbak medan ein venta på ei avklaring.

Samtidig har taksameteret godt. Sjølv om investorane Leif Trygve Nilsen og Svein Hatlevik bidrog med å betale husleiga ein månad kvar i vinter, har Stord kommune måtte tatt brorparten av rekninga.

Ein tredjedel mindre

Husleiga til Stord Maritime Museum er ifølgje Stord kommune på 55.852 kroner i månaden. Det betyr at før den politiske saka om framtida til museet skal handsamast i juni, vil kommunen ha betalt ut 167.556 kroner til det maritime museet.

Dette er midlar som er ein del av dei 520.000 kronene som Stord kommune ifølgje budsjettet skulle løyve til Sunnhordland museum. Husleiga for januar skal ha gått frå budsjettet til hamnestellet, og såleis ikkje ein del av løyvinga som er halden tilbake.

- Annonse -

Huseigar Svein Hatlevik stadfestar overfor Stord24 at han får utbetalt husleiga direkte frå Stord kommune, og ikkje via det maritime museet.

Uroleg for drifta

Nytilsett direktør ved Sunnhordland museum, Håvard Tvedte, bad rådmannen på eit møte i slutten av april om å få utbetalt tilskotet, samt å få auka tilskotet for 2018. Dette sa rådmannen nei til, men gav ei løyving på 90.000 kroner som var ein delfinansiering av stillinga som museumsrådgjevar med eit spesielt ansvar for oppfølging av kommunane.

Museumsdirektør Håvard Tvedte meiner det er uheldig om løyvinga til museet vert redusert.

Tvedte seier det er uheldig at ein så stor del av løyvinga er gått til Stord maritime museum.

– Det er klart at eg er uroleg dersom det stemmer at det vert brukt av tilskotet vårt før ein gjer eit endeleg vedtak. Eg er uroleg for drifta til vårt felles regionmuseum dersom dette fører til at årets tilskot ville vert redusert. Det vil gå hardt ut over ein liten organisasjon som oss, i eit år der det er gjennomført naudsynte tiltak for å sikre forsvarleg drift.

Tvedte viser til eit allereie trongt budsjett for museet, der løyvinga frå kommunen vil bety mykje for drifta.

– Med tanke på våre avgrensa ressursar som eit regionmuseum så er det klart at eit driftstilskot frå vertskapskommunen er viktig for oss. Spesielt med tanke på dei tenestane me tilbyr Stord kommune sine innbyggjarar, seier Tvedte, som legg til at han vonar at vertskapskommunen Stord vil halde fram med å bidra til aktivitetar og tenester ved museet.

Innanfor vedtaket

Rådmann i Stord kommune, Magnus Mjør, seier til Stord24 at det er heilt innanfor vedtaket å betale husleiga til Stord Maritime Museum.

– Det er riktig at me har nytta midlane til å dekkje husleiga til Stord maritime museum. Då det ikkje er kome nokon avtale innan fristen som var 15. april, vil saka kome opp att i kommunestyret sitt  juni-møte. Eit sentralt spørsmål vil då vere å avklara kommunen sitt vidare økonomiske engasjement i Stiftinga Stord maritime museum

Tidlegare i vår klaga Stord SV inn vedtaket om å halde pengar tilbake til Fylkesmannen, og bad om lovlegkontroll. Fylkesmannen avviste klagen, og argumenterte mellom anna med at det ikkje var snakk om eit endeleg vedtak.

Mjør meiner framleis at kommunen ikkje har brote reglane, trass i at ein tredjedel av pengane som skulle gå til Sunnhordland museum vil vere vekke før politikarane har handsama saka.

Rådmannen viser til avslutninga av brevet frå Fylkesmannen, der det står følgjande om kor stor mynde kommunen har i å endre på vedtekne budsjettløyvingar:

At budsjettet er rettsleg bindande vil i denne samanheng seie at kommunen som hovudregel ikkje kan gjere utbetalingar eller pådra seg utgifter som ikkje er innarbeidd i budsjettet. Ei avsetning i budsjettet vil derfor ikkje i seg sjølv vere eit tilstrekkeleg grunnlag for å slå fast at kommunen har gitt eit rettsleg bindande tilsagn/løfte om å gje stønad til eit bestemt føremål

Trur på vidare drift

Ole Yttredal i Stiftinga Stord Maritime Museum jobbar no for fullt med å førebu seg til kommunestyresaka som vil avgjere framtida til samlinga.

– No jobbar med for fullt med saka, og me har inne ei søknad om vidare støtte som kommunestyret skal handsame. Eg er optimist, seier Yttredal.

– Er det realistisk med ei langsiktig drift av samlinga utan samarbeid med Sunnhordland museum?

– Ja, me har jo stort sett stått aleine fram til no. Det er ikkje rare hjelpa me har fått frå Sunnhordland museum. Me ser ikkje noko mørkt på å drive dette. Det er ikkje noko kunst å drive dette her.

Låge besøkstal

Eit av argumenta som har vore nytta mot det Stord Maritime Museum er at det låge besøkstalet ikkje forsvarar kostnaden det har vore å drive det. Yttredal seier at dette er noko dei ønskjer å jobbe med.

– Me jobbar med å auke besøkstalet, og prøvar å få eit samarbeid med andre, til dømes med Kværner. Men dette er på planleggingsstadiet.

– Eg vonar at folk ser at me ikkje har så mykje å tilby på denne øya. Og me får jo skryt. Eg er rimeleg optimist for framtida, seier Yttredal.

- Annonse -